Når treng ein skjenkeløyve?

All skjenking der ein tek betala for alkohol, krev skjenkeløyve.
Hovedregelen er at det krevst skjenkeløyve i offentlege lokale og uterom.

Det krevst også skjenkeløyve for arrangement som er opne for publikum, eller arrangement for foreningar, klubbar, kundekveldar, utstillingar o.l. der det blir servera alkohol.
Det er ikkje tilstrekkeleg at ein skriv seg på ei liste eller kjøper billettar i førekant.

Når treng ein ikkje skjenkeløyve?

Ein treng ikkje skjenkeløyve i offentleg lokale dersom eigar, leigar, drivar eller ansatt brukar lokala til eige slutta lag, som f.eks bryllup eller jubileum.

Deltakerane må ha ei tilknyting til den som inviterar, vera personleg invitert, meldt på før arrangementet startar og personkretsen kan ikkje vera open for utenforståande.

Korleis få skjenkeløyve?

Søknad skal sendast på elektronisk skjema i god tid før arrangementet.
Lenke til søknadsskjema finn du her

Det må oppnemnast ein person som skal vera ansvarleg for skjenkinga, ansvarleg må vera over 20 år, og ha utvist uklanderleg vandel. 

Handsaming

Søknadar om tidsavgrensa skjenkeløyve blir handsama administrativt.
Søknadane blir sendt til politiet for uttale og vandelssjekk. 
Det kan ta opptil 3 veker før me får uttale av denne etaten.