USN sitt Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk på Rauland har nasjonalt hovudansvar for høgare utdanning innan tradisjonskunst, folkemusikk og folkekunst

Meir informasjon om studie og studiestaden finn du på heimesida til Universitetet i sørøst -Norge(USN)

Flytte til Vinje - kampanje

Kommunen ynskjer å motivere studentar til å melde flytting til Vinje kommune, slik at me kan gje studentane endå betre servicetilbod og tenester under heile studietida. Kvart år vil det vera ein kampanjeperioden i tidsrommet 1. august–1. november.

Studentar som melder flytting til Vinje i kampanjeperioden får anten eit gåvekort til kjøp av sykkel og hjelm på kr 7 000, eller eit tilskot til kjøp av pc til bruk i utdanninga på kr 7 000.

Kriterie for å få tilskot

  • Du må vera student og kunne leggje fram gyldig studentbevis.
  • Du må ha meldt flytting frå ein annan kommune til Vinje kommune etter 1. august det aktuelle året, og må kunne leggje fram flyttemelding frå Skatteetaten om ny adresse i Vinje kommune.
  • Du forpliktar deg til å ha bustadadresse i Vinje kommune under heile studietida.
  • Registreringsfrist: 1. november det aktuelle året.

Dette får du når du melder flytting til Vinje

  • Stemmerett i Vinje, slik at du kan påverke politikken.
  • Betre kommunale tenester ved at kommunen får auka økonomiske rammer per nye innbyggjar.
  • Gåvekort til kjøp av sykkel og hjelm til ein verdi av kr. 7 000.

Slik melder du flytting

Registreringsskjema finn du her

 

Studentmeldinga

Studentmeldinga 2018-2021 er ein plan for utvikling av Rauland som studiestad og Vinje som vertskommune. Den vart vedteke av Vinje kommunestyre i sak 18/56, 28. juni 2018.
Meldinga kan du lese her