Sommarvedlikehald 
Sommarvedlikehaldet vert i all hovudsak utført av kommunens eigne mannskap og maskiner, men når det er trong for det vert lokale entreprenørar leigd inn.

Vintervedlikehald
Vintervedlikehaldet vert utført av både eige mannskap og maskiner og innleigde entreprenørar. Brøytinga vert innleigd bortsett frå i Åmot der kommunen sjølv utfører mesteparten av brøytinga. Strøyinga vert utført av kommunen sjølv bortsett frå i Edland/Haukeli og på Rauland.

Teleløysing
I periodar med teleløysing vert det innført aksellastrestriksjonar på dei fleste vegane. Restriksjonane vert annonsert i dei lokale avisene og maks aksellast kjem fram av skiltinga på kvar enkelt veg. Etter Veglova er det Statens vegvesen som har mynde til å gje dispensasjonar, men det vert i utgangspunktet ikkje gjeve dispensasjonar til anna enn buss i rute og renovasjonsbil.

Kråmvikvegen
Kråmvikvegen på Rauland er ikkje open vinterstid. Vegen blir stengt med bom når snoen kjem. Det blir varsla i forkant på heimesidas framside under aktuelt og på facebook.
I Fylkesdelplan Hardangervidda Aust er det bestemt at Kromvikvegen ikkje skal opnast for offentleg ferdsel før 1. juni. Dersom den vert oppbrøytt før 1. juni skal den vera stengt med bom.