Diabetes

Diabetes er den vanlegaste stoffskiftesjukdomen. Sjukdomen er kronisk, og treng tett oppfylgjing og behandling for å unngå seinkomplikasjonar. Det kan vere nedsett syn, nyresvikt, hjarte-/karsjukdom og nevropati, som mellom anna kan føre til nedsett kjensle i føter og dermed auke fare for diabetiske fotsår. Diabetessjukepleiaren i kommunen arbeider i eit tverrfagleg team der fastlege er viktig samarbeidspartnar. Funksjonen skal sikre at personar med diabetes får god behandling og oppfylging.

Diabetessjukepleiar kan hjelpe deg med:

  • Samarbeid mellom fastlege og sjukehus.
  • Rettleiing og undervisning i forhold til kosthold, blodsukkermåling og medikamentbruk.
  • Undervising og opplæring både individuelt og i gruppe, til personar med diabetes og deira pårørande.
  • Kalle inn til regelbunde kontrollar for blodprøver og undersøkingar.
  • Gje deg ein oversikt over kva for tilbod som er i kommunen, til dømes røykesluttkurs og treningstilbod.
  • Knytte kontakt med fysioterapeut.

Primærhelseteam

Primærhelseteam er ei tverrfagleg gruppe som skal arbeide saman for å gi god oppfølging til innbyggarane på fastlegen si liste. 
Kjernen i teamet består av fastlegen saman med sjukepleiar og helsesekretær. Teamet jobbar ut frå pasienten sine behov og samordnar dei helse- og sosialtenestene som pasienten treng.