Mat i barnehagen

Retningsliner for mat og måltid i Vinjebarnehagen

Heim og familie har det grunnleggande ansvaret for barna sitt kosthald, men fordi så mange måltid blir inntatt i barnehagen, har barnehagen stor innverknad på matvanar, kosthald og helse. Barnehagen har ansvaret for å legge til rette for måltid som fremjar helse. Me skal også bidra til at barna får gode vanar når det gjeld kosthald.

Vinjebarnehagen følger dei nasjonale retningslinene for mat og måltid :

  • Me legg til rette for minimum to faste måltid kvar dag.
  • Me set av god tid til kvart måltid.
  • Me legg til rette for å kunne ete frukost for dei som ikkje har ete frukost heime.
  •  Me har maksimum 3 timar mellom kvart måltid.
  • Me legg til rette for at dei vaksne tek aktivt del i måltidet og et saman med barna.
  • Me legg til rette for eit godt fungerande og triveleg etemiljø.
  • Me sørgar for god hygiene før og under måltida og ved oppbevaring og tilbereding av mat.
  • Me tar vare på måltida si pedagogiske funksjon.
  • Me serverar lettmjølk og vatn som drikke til måltida.
  • Me serverar vatn som tystedrikk mellom måltida.
  • Me prøvar å unngå mat og drikke som er tilsett mykje sukker.

 

Barn med påvist allergi/intoleranse påvist av lege får andre alternativ dersom det let seg gjere å skaffe gjennom vanleg vareleveranse.

 

Gratis kjernetid i barnehagen

Reglane

  • Gjeld alle 2, 3, 4 og 5-åringar.
  • Gjeld for 20 t/v. Resterande timetal og matpengar blir det kravd foreldrebetaling for.
  • Den samla bruttoinntekt for familien må vere under 548 500 kr/året.
  • Det må søkjast på eige skjema som du finn her
  • Inntekta må dokumenterast med kopi av sjølvmelding.

Reglane for foreldrebetaling elles er at ingen familiar skal betale meir enn 6 % av inntekta si for ein barnehageplass. Søknad om redusert foreldrebetaling etter denne ordninga skal søkjast om i same skjema som nemnt over.

Foreldreundersøking i barnehage

Barnehagane i Vinje nyttar undersøkinga til UDIR. Undersøkinga er annan kvart år.
Neste undersøking blir i november 2021.

I 2019 og 2020 blir det undersøking knytt til prosjektet "inkluderande barnehage- og skulemiljø". Les meir om det prosjektet her

Forsikringar for born i barnehage og skule

Vinje kommune ynskjer å gje ut informasjon til foreldre og føresette omkring kollektiv ulykkesforsikring for born i skular og barnehagar. Under vil me kome inn på dekning, erstatningsnivå med meir. Forsikringa gjeld plutseleg og uføresett ulykke som gir betydeleg og varig mein.

Når og kvar forsikringa gjeld: 

Innanfor skulens/barnehagens område under ordinær skule-/barnehagetid 
Under deltaking i undervisning, leikar, idrettsøvingar, ekskursjonar, stemner, reiser m.m. som føregår under skulens/barnehagens leiing 
På direkte veg til og fra skule/barnehage 
Under praktisk yrkesopplæring og opplæring i arbeidslivet som ein del av undervisninga. 

Kva forsikringa dekkjer: 

Ulykke som fører til varig medisinsk invaliditet, maksimalt 5,0 G 
Dødsfall som fylge av ei ulykke 0,5 G 
Samlet erstatning ved invaliditet og død, maksimalt 5,0 G 

1 G (grunnbeløpet i folketrygda) utgjer pr. 1. mai 2004 kr. 58 778,-. 

Behandlingsutgifter: 

Utgifter i samband med behandling etter ei ulykke, t. d. tannbehandling, fysikalsk behandling føreskriven av lege eller reise til og frå heimstaden for behandling eller forpleining i sjukehus kan dekkast heilt eller delvis. 

Behandlingsutgifter betalast i inntil 2 år frå skadedagen avgrensa til 5 % av forsikringssummen, det vil seie 0,25 G. Frå desse erstatningane trekkast ein eigenandel på kr 500. Ta vare på alle kvitteringar! 

Kva forsikringa ikkje dekkjer: 

Forsikringa omfattar blant anna ikkje ulykkesskader som skuldast bruk av rullebrett eller rulleskøyter, dersom skaden skuldast manglande bruk av sikkerheitsutstyr.