Retningsliner for mat og måltid i Vinjebarnehagen

Heim og familie har det grunnleggande ansvaret for barna sitt kosthald, men fordi så mange måltid blir inntatt i barnehagen, har barnehagen stor innverknad på matvanar, kosthald og helse. Barnehagen har ansvaret for å legge til rette for måltid som fremjar helse. Me skal også bidra til at barna får gode vanar når det gjeld kosthald.

Vinjebarnehagen følger dei nasjonale retningslinene for mat og måltid :

  • Me legg til rette for minimum to faste måltid kvar dag.
  • Me set av god tid til kvart måltid.
  • Me legg til rette for å kunne ete frukost for dei som ikkje har ete frukost heime.
  •  Me har maksimum 3 timar mellom kvart måltid.
  • Me legg til rette for at dei vaksne tek aktivt del i måltidet og et saman med barna.
  • Me legg til rette for eit godt fungerande og triveleg etemiljø.
  • Me sørgar for god hygiene før og under måltida og ved oppbevaring og tilbereding av mat.
  • Me tar vare på måltida si pedagogiske funksjon.
  • Me serverar lettmjølk og vatn som drikke til måltida.
  • Me serverar vatn som tystedrikk mellom måltida.
  • Me prøvar å unngå mat og drikke som er tilsett mykje sukker.

 

Barn med påvist allergi/intoleranse påvist av lege får andre alternativ dersom det let seg gjere å skaffe gjennom vanleg vareleveranse.