Kva er ein reguleringsplan?

Ein reguleringsplan er ein politisk vedteken plan over eit avgrensa område. Reguleringsplanen bestemmer korleis området kan brukast og kva som kan byggast der.
Planen består av av eit kart med konkrete føringar for kva formål eigedomen har og kva som kan gjerast på eigedomen, til dømes kor høgt og stort du kan bygge. Dersom du planlegg å bygge på ein eigedom, må du fyrst undersøke kva for reguleringsplan som gjeld for den aktuelle eigedomen.

To typer reguleringsplanar

Det finst to typer reguleringsplanar - områderegulering og detaljregulering.

Områderegulering lagast av kommunen og styrer utviklinga i eit større område, til dømes Åmot sentrum.

Detaljreguleringar er planar for mindre område til dømes bustadfelt, hyttefelt eller vegstrekning. Både kommunen, privatpersonar, utbyggarar og andre initiativtakerar kan koma med forslag til ei detaljregulering, men det er fagpersonar som arkitektar og arealplanleggarar som utarbeidar planforslaget.

Det er kommunestyret i Vinje som vedtek reguleringsplanane.

Korleis kan du påvirke reguleringsplanen?

Ein viktig del av arbeidet med reguleringsplanen er å få innspel frå innbyggarane. Du kan koma med innspel til to rundar i planarbeidet: Når planarbeidet startar (ved varsel om oppstart) og når forslaget er klart (ved offentleg ettersyn). I begge rundane får naboar, grunneigerar og relevante offentlege organ varsel om planarbeidet. Planarbeidet vert også kunngjort i Vest-Telemark blad og her på sida om planar under arbeid. Her står det korleis du kan koma med merknader og innspel, og kven du skal rette dei til.

Varsel om oppstart

Når nokon skal lage ein reguleringsplan, må dei varsle om oppstart av planarbeidet til naboar og andre som blir berørt av planen. Dersom du har fått eit slik varsel og har spørsmål eller innspel til planarbeidet, sender du dei til den fagkunnige som står som avsendar. Fristen er opptil seks veker.

Offentleg ettersyn

Når me har motteke planforslaget , skal alle få moglegheit til å koma med innspel. No inneheld planforslaget detaljerte beskrivingar, kart og føresegner og andre utgreiingar. Dersom du har merknader og innspel, sender du dei direkte til oss, dette står i den aktuelle planen som du finn her: planar under arbeid. Fristen for å koma med merknader i denne runden er minst seks veker.

Etter runden med offentleg ettersyn, skal kommunen og den som har laga planforslaget, vurdere kva for uttaler/merknader som skal påverke planforslaget. Den som har laga planforslaget oppdaterer så forslaget, og planforslaget blir sendt til politisk handsaming i plan-og miljøutvalet i kommunestyret.

Korleis finn du reguleringsplan og føresegner?

Trykk her for reguleringsplan
 

Trykk her for Webkart
I Webkartet kan du søkje opp planar med hjelp av adresse, gnr/bnr eller zoome i kartet.

  • Klikk på kommunevåpenet og huk av for reguleringsplan i lista som kjem opp i høgre side på skjermen.
  • Finn området du er ute etter ved å skrive inn adresse eller gnr/bnr i søkefeltet, eventuelt zoom i kartet, og trykk i kartet på eigedomen. 
  • Til høgre på skjermen kjem det opp ein boks med "Kartlagsinfo for valgt punkt", klikk på reguleringsplan.
  • Klikk på reguleringplan, då kjem det opp informasjon om den reguleringsplanen du har valt.
  • Nederst i informasjonsboksen veljer du planregister.
      

Ver merksam på at kartet (pdf-dokumentet) i planregisteret ikkje alltid er oppdatert etter endringar. Plankartet du ser i Webkart er oppdatert.