Vinje kommune har fått ny publikumsløysing for innsyn i saksdokumenta til politiske møte
- Når du trykker på boksen utval, innkalling og protokollar får du opp eit bilde der du ser møtekalender og alle utvala.
- Når du trykker på dato med ring rund, får du opp det aktuelle møte denne dagen.
Det kjem no opp ein firkanta informasjonsboks - trykk på dato ei gong til, så får du opp møteinkallinga, sakskart og protokoll. - Møteinkalling ligg ute ca. ei veke før. Møteprtokoll blir lagt ut nokre dagar etter møte - så snart møteleiar har godkjent protokollen.
- Når du trykker på utvalet til dømes formannskap, får du opp medlemmene i det aktuelle utvalet. Når du er inne på det aktuelle utvalet kan du bla i kalenderen ut året og sjå alle datoane for planlagte møter.
Kommunestyremøta blir sendt direkte på nett. Møta går føre seg i kommunestyresalen på kommunehuset i Åmot og er ope for publikum.
Har du spørsmål til korleis du finn fram i den nye løysinga, kan du ta kontakt med Tenestetorget på telefon 35 06 23 00 mellom kl. 09.00 - 14.00