Parkering i Fristadgarasjen
I kommunestyret 12. mai 2022 blei det vedteke nye vilkår for parkering i fristadgarasjen.
Parkeringsautomat for betaling av kortidsleige er sett opp.
For eigarar og leigetakarar av leilighetar på fristadsenteret er det høve til å leige plass knytt til eigarseksjon. Ta kontakt med Tenestetorget for nærmare avtale.
Lading av el-bil i Fristadgarasjen
Det er sett opp nye ladestasjonar i garasjen for elektrisk køyretøy.
For å lade må ein laste ned appen "charge365" og registrere betalingskort. I appen kan ein også registrere ladebrikke.
Prisar og vedtekter
Parkeringsvedtekter (heimel: FOR-2016-03-18-260 – Parkeringsforskriften): § 1. Parkering er ope for ålmenta og er avgiftsbelagt med kr 5 per time alle dagar § 2. Betaling for parkering gjerast forskotsvis på automat i garasjen § 3. Det er ikkje høve til langtidsparkering utover 120 timar (5 døgn). Etter 120 timar vert fjerning av motorvogn iverksett i samsvar med parkeringsforskriften § 38. § 4. For eigarar og leigetakarar av leilegheiter på Fristadsenteret er det høve til å leige plass knytt til eigarseksjonen. Leige er kr 500,- pr mnd inkl. mva. § 5. Det er bare tillate å parkere gyldig registrert motorvogn. Tilhengarar, campingvogner eller liknande vert umiddelbart fjerna til nærare avtala oppsamlingsplass på eigars rekning. § 6. Ved brot på vilkåra for parkering kan det ileggjast ein kontrollsanksjon på kr 660. |
For eigar eller leigar av leilighet på fristadsenteret og har to bilar:
Ved kjøp av årsabonnement kan du veksle mellom kva for bil som står i garasjen. Du må berre få registrert båe bilane (med reg.nr) på kortet.