Treng barnet ditt hjelp, eller vil du melde frå om barn som treng det?

Alle kan ein eller annan gong hamne i ein situasjon der ein treng hjelp til seg sjølv og barna sine. Barnevernet er til for å hjelpe barn og for å sikre at dei vert tekne godt vare på.

Når du og familien din har behov for å møte barnevernstenesta, eller barneverntenesta har behov for å møte deg, vil desse møta skje på kommunehuset i den kommunen der de bur.

Når barnet på grunn av forholda i heimen eller av andre grunnar har særleg behov for det, skal barnevernstenesta sørgje for å setje i verk hjelpetiltak for barnet og familien. Omsynet til det som er det beste for barnet, er avgjerande.

Hjelpetiltak er som oftast helt frivillig og er noko som kan verte ei positiv  endring for barnet og familien.

Slike hjelpetiltak kan vere rettleiing, støttekontakt, avlasting for foreldre, besøksheim og økonomisk hjelp. Formidling av plass i fosterheim og institusjon kan også vere hjelpetiltak. Barn skal bu heime så sant det er mogleg. Me legg vekt på å finne årsakene til vanskane og drøfte dei med foreldra og barnet.

Foreldre, vener, grannar, barnehage, skule, helsestasjon eller andre som ser at eit barn har det vanskeleg, kan melde frå til barnevernstenesta. Det blir ikkje kravd at du har observert det som meldinga di refererer til, men du bør kunne identifisere kjelda til informasjonen. Eit rykte vert ikkje sett på som ei melding.

Barneverntenesta har plikt til å følgje opp ei melding eller eit spørsmål frå foreldre som treng hjelp.

Barnevernstenesta skal

  • leggje bort meldinga dersom ho er klart grunnlaus
  • starte undersøking dersom det er grunn til å tru at det er behov for tiltak etter barnevernlova eller
  • leggje bort meldinga dersom vilkåra i lova ikkje er oppfylde.

Offentlege instansar har plikt til å varsle barnevernet dersom dei har grunn til å tru at barn vert utsette for grov omsorgssvikt som til dømes omsorgssvikt, rusmisbruk, psykiske, fysiske eller seksuelle overgrep.

I slike situasjonar, skal barnet få tilstrekkeleg og tilpassa informasjon. 
Dei har rett til fritt å gje uttrykk for synspunkta sine.

Melde frå til barnevernet

Om du er bekymra for om eit barn får god nok omsorg, bør du melde ifrå til barnevernet.

Du treng ikkje vera sikker på at noko er gale før du melder ifrå. Når du har sagt ifrå, er det  barnevernet sin jobb å vurdere korleis meldinga skal følgjast opp. Dei aller fleste som får hjelp frå barnevernet, får hjelpa heime. Omsorgsovertaking skjer berre i dei mest alvorlege tilfella.

Slik melder du ifrå:

Me oppmodar at du brukar det digitale skjemaet for sikker og effektiv innmelding til barnevernstenesta. 
Dersom du ikkje har moglegheit til å bruke det digitale skjemaet eller om du vil vera anonym overfor barnevernet, kan du laste ned eit meldingsskjema (Word) som du fyller ut og sender til barneverntenesta i kommunen. 
Skjema finn du her PDF document ODT document
NB: Dette skjemaet må sendast i posten og ikkje via e-post.

Målgruppe

Born under 18 år. Når barnet samtykkjer, kan tiltak førast vidare til ungdomen har fylt 23 år.

Barnet må ha sin bustad i Noreg og bu her. 
Hjelpetiltak er også for born som oppheld seg i Noreg og som er flyktningar eller asylsøkarar, eller når den vanlege bustaden til barnet ikkje lèt seg fastsetje.

Handsaming

Barnevernstenesta skal skaffe seg dei opplysingane som er naudsynte for å avgjere saka, og kan velje å engasjere en sakkyndig person til å greie ut meir om saka. I så fall skal rapporten frå den sakkyndige sendast til Barnesakkyndig kommisjon til vurdering. 
Kommisjonen si vurdering av rapporten skal vere levert til barnevernstenesta før det takast viktige avgjerder i saka.

Handsamingstid

Kommunen skal handsame saka så snart som mogleg. 
Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når det er venta at vedtaket vert gjort.

Lovar og retningsliner

Denne tenesta er pålagt ved lov. 
Sjå spesielt barnevernloven §4-4, §6-9 og kapittel 4.

Lenke til barnevernloven