Vinje kommune har ein nyleg vedteken Klima og berekraftsplan frå 2021 med ambisiøse klimamål. Planen kan du lese her. Overordna målsetjinga i planen er å redusere CO2 utsleppet med 60 % innan 2030 samanlikna med utsleppet i 2009. Dette er også i tråd med den regionale målsetjinga til Vestfold og Telemark fylkeskommune. Vidare skal også Vinje kommune vere ein klimarobust kommune.

For å nå desse måla har me ei handlingsplan med ein rekke tiltak. Blant anna dette å følgje opp klimaprosjekt og søke klimamidlar (klimasats, Enova, andre tilskotsordningar mm). Våren 2021 lyste Vestfold og Telemark fylkeskommune ut midlar til klimatiltak i kommunane. Her sendte Vinje kommune inn 3 søknadar, og me fekk tilskot til alle 3 prosjekta:

1. Forstudie – Lokalisering av hydrogenfyllestasjon langs E134 i Øvre Telemark

Vegtrafikken er den største utsleppskjelda i Vest-Telemark og i Vinje kjem heile 54 % av utsleppet frå vegtrafikken, dominert av tungtrafikken langs E134. Vinje kommune ynskja å sjå nærare på korleis me kan ta tak i denne problemstillinga og søke om tilskot til ein forstudie på klimatiltak innan tungtrafikken. Me ynskja i dette prosjektet å oppdatere oss om fagfeltet hydrogen som klimavennleg energiberar for tyngde køyretøy, sjå på moglege plassering av fyllestasjon (egna lokalitetar, tilknyting til rasteplass, kollonneoppstilling, serverdigheitar, avstand til bustader mm), vidare vil me sjå på potensielle leverandørar og brukerar av hydrogen, lokal produksjon av hydrogen og masse meir.

sektor utslepp.png

graf utslepp.jpg

Figurane syner utsleppet i Vinje kommune per 2020.

Kviteseid kommune sendte også ein søknad på klimatiltak innan tungtrafikk – Infrastruktur HUB Brunkeberg. Fylkeskommunen ynskja at Vinje og Kviteseid skulle samarbeide då desse to prosjekta gjekk parallelt og undersøkte mykje av det same. Vinje og Kviteseid inngjekk då ei intensjonsavtale som skildra kva me skulle samarbeide på og korleis me løyste samarbeidet. Blant anna skulle me dele prosjektleiar, Telemarks næringshage, dele resultat og informasjon om potensielle leverandørar og brukerar i Vest-Telemark. Vidare utvida me prosjektet vårt til å også sjå på behov for fleire fyllestasjonar for klimavenleg drivstoff for tungtransport på same strekning, biogass og elektrisk.

intesjonsavtale logo.png

Det føregjeng no ei nasjonalsatsing på hydrogen, både når det gjeld produksjon av hydrogen og bruk av hydrogen som energiberar innan transport. Nedover i Europa er allereie hydrogen godt etablera. Det er viktig at også Noreg byrjar å sjå nærare på hydrogen som energiberar spesielt for tung transporten. Det føregjeng to store prosjekt på hydrogen i Noreg, strekninga Oslo-Trondheim og strekningen langs kysten Oslo-Kristiansand. Men det er per i dag ingen satsing på fyllestasjonar på strekninga mellom Oslo-Bergen, her burde Vinje og Vest-Telemark vere heilt sentralt då det også er ein naturleg stoppeplass før ein gjeng over fjellet.

kart.png

Utsnitt av hydrogenfyllestasjonar i Europa.

Det er viktig med samarbeid på tvers av kommunane, me har eit felles mål om 50-60 % CO2-reduksjon innan 2030, og einaste måten me løyser dette på er ved å stå saman! Detta er også i tråd med FN berekraftsmål 17.

Rapporten er under arbeid og planen er at den skal ferdigstillast i løpet av våren!

Ta kontakt med prosjektansvarleg i kommunen om de har spørsmål:
Anne-Sofie B. Strømme, e-post: anne-sofie.stromme@vinje.kommune.no, tlf. 48118429.

 

samarbeid logo.jpg

 

2. Forprosjekt – Kartlegging av øydelagde myrar med potensial for myrrestaurering

Myr har ei avgjerande rolle i klimaproblematikken. Myra har mange økologiske funksjonar som er avgjerande i møte med klimaendringane og sikring og restaurering av myr er viktig for å nå fleire av FNs berekraftsmål (blant anna berekraftmåla 6, 11, 13 og 15). Blant anna har myra desse flott eigenskapane; den dempar flaum, lagrar karbon, reinsar vatn og er ein viktig leveplass for mange artar, fleire av dei er trua på den nasjonale raudlista. Myr gjev ein betydeleg klimavinst og er eit langsiktig og viktig klimatiltak for å nå nasjonale og regionale klimamål, samt skape ein klimarobust kommune.

I Vinje kommune forventa meir ekstremver som kraftig nedbør med auka fare for jord-, flaum og sørpeskred, samt lenger periodar med tørke i klimaprofilen for Telemark per 2021 (https://klimaservicesenter.no/kss/klimaprofiler/telemark). Myra har ein viktig rolle i å gjera kommunen robust i mot det endra klimaet. I Noreg har me omtrent 30 000 km2 intakt myr, ca. 10 % av landarealet. Noreg er eit av landa i Europa med mest myr og på den måten har me eit nasjonalt ansvar for å ivaretaka den. 1/3 av myrane i Noreg er øydelagt som følgje av drenering, oppdyrking, utbygging, omdisponering, torvtak mm. 1 km2 med 2 m djup myr er det same som utsleppet frå 100 000 bilar i 1 år, noko som tilsvarar ei klimaavgift på om lag 100 millionar kroner. Årleg blir det estimert at omlag 5 000 daa myr framleis vert øydelagt, og detta slepp ut enorme mengder karbon.

Myr er svært viktig som vassregulerande natur og restaurering av myr er eit godt klimatilpassingstiltak. Intakte myrar er flomdempande ved at dei kan halde på enorme mengder vatn og difor fordrøyar vatnet ved store nedbørsmengder. Samtidig vil myra i tørre periodar fortsatt halde på store mengder vatn og sleppe det sakte ut igjen og fungere som eit vassreservar som er nyttig for både vilt, husdyr og naturen rundt. Myr er det største landlege karbonlageret og karbonsluket i verda! I Noreg er det estimert at det er lagra omlag 3,5 milliardar tonn CO2-ekvivalentar i myrane, noko som tilsvarar Noregs utslepp av klimagassar i 66 år eller 400 år med bilkøyring basert på utsleppstal frå 2017. For å nå det regionale målet om å redusere klimagassutslepp med 60 %, ser Vinje kommune på restaurering av øydelagde myrar tilbake til sin økologiske funksjon som eit svært godt tiltak for karbonlagring- og sluk. Myrrestaurering er også viktig for å sikre eit økosystem som mange arter er avhengig av som leveplass. Myra har eit høgt artsmangfald og totalt er 15 % av dei trua artane (174 artar) knytt til myr og våtmark. Myr er og ein svært viktig raste- og hekkeplass for fuglar.

Det er ei nasjonal satsing på myrrestarering, og Miljødirektoratet har laga ein plan for dette arbeidet: Plan for restaurering av våtmark i Noreg (2021-2025) med mål om reduserte klimagassutslepp, tilpassing til klimaendringane og betre økologisk tilstand. Meir informasjon om prosjektet til miljødirektoratet og nyttige rapportar finn du her: https://www.statsforvalteren.no/nn/oslo-og-viken/miljo-og-klima/nyheter---miljo-og-klima/2019/11/stort-engasjement-for-restaurering-av-myr-og-vatmark/.

Vinje kommune ynskjer i forprosjektet å kartlegge grøfta myrar i kommunen med potensial for restaurering, ved bruke av digitalt kartleggingsverktøy, som ortofoto og digitale laserkart (LIDAR) og liknande. Digitale laserkart finnes for store delar av landet og gjer det mogleg å sjå grøfter i myr utan at vegetasjon forstyrrar bilete. Ein nyttig ressurs for å få oversikt over grøfter i myr samt tettleik og storleik på vegetasjonsdekket. Forprosjektet vi gje eit godt grunnlag for å prioritere og iverkseta restaureringstiltak i kommunen.

Myrrestaurering vil bidra til at myra får attende dei økologiske funksjonane. Myra er ein utruleg superhelt med heilt spesielle eigenskapar me menneske er avhengig av i eit klima i endring og for å avgrense klimagassutsleppet.

Forprosjektet skal ferdigstillast i løpet av hausten 2022 og det vil føreligge ein rapport frå prosjektet.

Ta kontakt med prosjektansvarleg i kommunen om de har spørsmål:
Anne-Sofie B. Strømme, e-post: anne-sofie.stromme@vinje.kommune.no, tlf. 48118429.

3. Forprosjekt – Er solceller og solfangst aktuelt i ein fjellkommune.

I Noreg utgjer oppvarming ein stor del av energibruken i bygg. I Vinje kommune er det krav om jordvarme som oppvarming i nye kommunale bygg. Vinje kommune ynskjer å sjå på energieffektivisering og solenergi i bygg og då spesielt på oppvarming. Omlegg til solceller som energikjelde til oppvarming vil føre til reinare energi til oppvarming, i tillegg vil det føre til meir tilgjengeleg energi til lading av el-bilar i kommunal verksemd. Detta vil auke framover med omlegging av den kommunale bilparken innan 2025 i tråd med ladestrategien i Vinje kommune. Det hastar med å kutte utslepp.

Solenergi frigjør elektrisitet til industri og transportsektor. Det vil vere stort behov for fornybar energi, og for å auke elektrifisering av transportmidla vil det vere gunstig å frigjera energi og straum der ein kan. Det er eit viktig bidrag i det grøne skiftet. Solenergisystem (solceller og solfangere) slepp ikkje ut CO2 i løpet av driftsårene, og dei har ein garantitid på minst 25 år og levetid på 30-40 år. Dei indirekte utslepp av CO2 ved produksjon er betydelig lågare enn dei utslippene som ein unngjeng i driftstida. Solceller av silisium er energikrevjande å framstille, men normalt tek det mindre enn to år før solcellene har produsert like mye energi som dei treng i produksjonen. Dei fleste solfangaranlegga har tilbakebetalingstid på 5-15 år. Ved støre bygg er vanleg kople seg til kraftnettet, slik at overskotsstraumen, det som vert produsert over forbruket, kan leverst til kraftnettet.

Vinje kommune ynskjer i dette prosjektet å sjå på potensialet for solceller og solfangarar til tak, veggar og vindauge til oppvarming i kommunale bygg. Solcellepanel yter betre jo kaldare det er, og er på sin optimale på rundt minus 20, noko som passar for klimaet i Vinje kommune på vinteren. Det er knytt fleire utfordringar til solceller og solfangarar i ein fjellkommune, til dømes snotyngde, måking av tak på vinterstid, samt gjenskin og estetikk i fjellheimen. Detta er element me ynskjer å sjå nærare på.

Resultata frå forprosjektet vil gje grunnlag for vidare prosjektering ved nybygg og restaurering av eksisterande bygg, samtidig vil det gje visse føringar for klimavenlege løysingar og val av material på tak/veggar, og då gjerne fornybare løysingar i kombinasjon med grønt tak. I tillegg er det aktuelt å undersøkje solcellepanel i transparente vindauge.

Forprosjektet skal ferdigstillast i løpet 2022 og det vil føreligge ein rapport frå prosjektet.

Ta kontakt med Teknisk drift og infrastruktur om de har spørsmål til forprosjektet.