Etisk standard for tilsette og folkevalde
Etikk er systematisk tenking om kva som er rett og galt, og handlar om kva me finn verdt, eller verdifullt, både å leve for og å leve etter.
Det er dei faktiske handlingane og haldningane som dannar grunnlaget for kommunen sin tillit blant innbyggjarane. Leiarane har eit særskilt ansvar for rutinar og prosessar som sikrar at kommunen sin etiske standard og retningsliner blir fylgt. Alle har eit sjølvstendig ansvar for at eigne handlingar er i tråd med kommunen sin etiske standard.