Felles kommunal journalløysing betyr at helsepersonell i kommunane – som legevakt, fastlegar, heimetenesta og helsestasjon, jobbar i same journalløysing, og kan samhandle seg imellom med brukarflater tilpassa behovet deira.

Heilhetleg samhandling betyr at felles kommunal journalløysing snakkar med andre digitale løysingar i heile Helse-Noreg. Sjukehus, kommunale helse- og omsorgstenester og fastlegar får betre moglegheit til å utveksla informasjon digitalt. Samhandlingsløysningane skal òg bidra til betre samhandling med andre statlege og kommunale tenesteområde, som til dømes Nav og barnevern.

Akson-prosjektet vil bety:

  • At helsepersonell kan få rett informasjon om pasienten når dei treng det.
  • For innbyggarar og pasientar vil Akson bety betre og tryggare behandling. Dei møter ein meir heilskapleg og koordinert helse- og omsorgsteneste og har éin journal på tvers av kommunale helse- og omsorgstenester og kommunegrenser.
  • Pasientar og innbyggarar kan ta aktiv del i eiga behandling, får betre tilgang på informasjon om eiga helse og kva tenester og tilbod som finst – og betre oversikt over kva som skal følgjast opp og avtalar som er gjort.
  • Kommunane vil få eit meir effektivt og oversiktleg tenestetilbod, med verktøy som gjer det lettare å styre ressursane, gjennomføra betringar og ta vare på pasientsikkerheita. Dei første kommunane vil truleg kunna ta journalløysinga i bruk frå 2025.

For meir informasjon sjå lenke til akson her

Video om Akson: https://vimeo.com/356147816