Kols/Astma-koordinator tilbyr:

  • Årskontroll i samarbeid med lege, her kjem eigne takstar.
  • Kontrollar etter tilvising frå fastlege.
  • Rettleiing om tenester som kommunen tilbyr.
  • Rettleiing om tenester som spesialisthelsetenesta tilbyr.
  • Rettleiing i forhold til inhalasjonsteknikk og medisinar.
  • Individuelle samtaler i forhold til røykeslutt.
  • Samtaler i forhold til å leve med kols, gjerne saman med pårørande.
  • Vidareformidling til lågterskeltilbod i psykisk helse viss behov.
  • Vidareformidling til koordinering- og tildelingskontoret ved behov for individuell plan eller andre tenester.
  • Vidareformidling til fysioterapeut ved behov for kols-meistringskurs eller trening/behandling.
  • Vidareformidling til ergoterapeut for opplæring i energisparande arbeid eller tilrettelegging i heimen.
  • Vidareformidling til kols/astma-kontaktar i heimetenesta og på sjukeheimen.

Primærhelseteam

Primærhelseteam er ei tverrfagleg gruppe som skal arbeide saman for å gi god oppfølging til innbyggarane på fastlegen si liste. 
Kjernen i teamet består av fastlegen saman med sjukepleiar og helsesekretær. Teamet jobbar ut frå pasienten sine behov og samordnar dei helse- og sosialtenestene som pasienten treng.