Seksuelle overgrep er eit alvorleg brotsverk. Har du eller nokon du kjenner vore utsett for det, kan overgrepsmottaket hjelpa til med å førebyggja eller avgrensa nokre av dei alvorlegaste etterverknadene.

Overgrepsmottaket i Telemark er eit gratis tilbod til alle som har vore utsette for seksuelt overgrep. Også familie eller venner av den utsette kan ta kontakt for informasjon og rådgiving.

 

Korleis går føre seg det

Kontakt legevakta i Åmot på telefon 116 117 (døgnbemanna). 
Legevakta set deg i kontakt med overgrepsmottaket. På overgrepsmottaket er det legar og sjukepleiarar som kan hjelpa deg som har opplevd overgrep.

Du kan kontakta overgrepsmottaket uavhengig av om du melder overgrepet eller ikkje. Helsepersonell har teieplikt.

Oppsøk overgrepsmottaket så fort som mogleg etter hendinga, helst utan å dusja eller vaska deg. Har det gått fleire dagar og du har dusja, er det likevel viktig å ta kontakt for å få medisinsk og psykososial oppfylging.