«Tettpå er eit tiltak på tvers av offentlege etatar, partane i arbeidslivet, byggebransjen og forbrukaranes interesseorganisasjonar
Tiltaket er implementert i mange av dei største by- og hyttekommunane i landet.
Føremålet med Tettpå er å redusere etterspurnaden etter useriøs arbeidskraft i byggebransjen. Eit serviceteam frå Skatteetaten ringer til forbrukarar som har søkt om byggeløyve eller har kjøpt bustad- eller fritidseigedom i kommunen, dette for å bevisstgjere oss i valet av handverkarar.»

Å velje handverkarar er veldig viktig for å sikre verdiane som ligg i ein bustad. Erfarne og faglærde handverkarar bidreg til at jobben blir gjort skikkeleg.
Endringar i avhendingsloven som kom tidlegare i år, gjer at bustadeigar må kunna dokumentere alt arbeid som er gjort på bustaden den dagen bustaden skal seljast – dokumentasjon har no direkte innverknad på salssummen.
Taksten på bustaden aukar viss du kan dokumentere at arbeidet på bustaden er utført av faglærde.

Fordelar for alle

Å velje seriøse handverkarar har mange fordelar for forbrukar:

  • du får jobben gjort skikkeleg
  • du sikrar deg reklamasjonsrett
  • det aukar eigedomsverdien den dagen du skal selje
  • du får enklare lån med garanti i eigedom
  • du stiller med sterkare kort på handa i forhandlingar om rentevilkår på lån
  • du stiller sterkare i forsikringsoppgjer
  • du unngår medansvar for skattar og avgifter
  • du reduserer faren for forseinkingar i byggjeprosjektet

Arbeidskriminalitet

Vinje kommune delar informasjon om risiko knytt til arbeidslivskriminalitet innad og med Skatt Sør og Arbeidstilsynet.

Skatteoppkrevjaren har motteke fleire tips om svart arbeid, og det er noko me tek på alvor. Alle sakar me får tips om melder me til A-krimsenteret, som tar saka vidare. I Vinje kommune har det vore fleire kontrollar dei siste åra av A-krimsenteret i Tønsberg.

Arbeidslivskriminalitet er eit raskt aukande og alvorleg samfunnsproblem som må forhindrast slik at ikkje samfunnsstrukturane over tid skal bryte saman.
Skatteoppkrevjaren ynskjer direkte tips til gryak@vinje.kommune.no eller mobil 92 85 00 37,  dersom de har mistanke om svart arbeid eller kritikkverdige høve. 
Sjekkliste når du skal kjøpe tenester https://www.handlehvitt.no/

Eit karakteristisk trekk ved arbeidslivskriminalitet er innslaget av multikriminalitet. Teikn på arbeidskriminalitet har eitt eller fleire element, som mellom anna:

  • Skatte- og avgiftskriminalitet
  • Grove rekneskaps- og bokføringsfeil  – mangelfulle rekneskap og bruk av fiktiv/ikkje korrekt dokumentasjon
  • Korrupsjon
  • Konkurskriminalitet
  • Kvitvasking
  • Menneskehandel
  • Trygdesvindel – mottak av trygd samtidig som ein arbeidar svart
  • Grove brot på arbeidsmiljølova og allmenngjeringslova
  • Utbytting av arbeidskraft i strid med lov og avtale
  • Bruk av ulovleg arbeidskraft