Dei kommunale tilskotordningane er organisert i tre ulike ordningar:

Søknadsordning for idrett og fritid

  • Her kan ein søkje om opp til kr 50 000
  • Søknadsfrist 1. mars og 1. september kvart år
  • Søknaden vert handsama av administrasjonen i Vinje kommune
  • Tiltaket må skje heilt eller delvis innanfor kommunegrensene til Vinje kommune
  • Tiltaket bør vere nyttig eller verdifullt for flest mogleg med bustad eller fritidsbustad i Vinje
  • Tiltaket bør fremje folkehelse, inkludering og mangfald

Kommersielle aktørar kan ikkje søke. 
Mogleg å søke på opp til 3-årig støtte.

Skjema til denne ordnininga er ope mellom 1. februar og 1. mars, samt 1. august og 1. september, og du finn lenke til skjemaet her.

  • Alle søkarar må stadfeste at dei må levere sluttrapport og rekneskap på førespurnad
  • Tilskotsmottakarar som ikkje gjennomfører tiltak eller brukar tilskot på andre tiltak enn det som er omtala i søknaden må søkje om å bruke tilskotet annleis eller betale tilskotet attende til kommunen.

Gjeldande frå 2023 til og med 2025: alle mottakarar av tilskot gjennom Kulturårshjulet 2019-2022 skal prioriterast i handsaminga av innkomne søknader til søknadsordning 1 og 2.

Søknadsordning for kunst og kultur

  • Her kan ein søkje om opp til kr 50 000
  • Søknadsfrist 1. mars og 1. september kvart år
  • Søknaden vert handsama av administrasjonen i Vinje kommune
  • Tiltaket må skje heilt eller delvis innanfor kommunegrensene til Vinje kommune
  • Tiltaket bør fremje inkludering og mangfald

Kommersielle aktørar kan ikkje søke. 
Mogleg å søke på opp til 3-årig støtte.

Skjema til denne ordnininga er ope mellom 1. februar og 1. mars, samt 1. august og 1. september, og du finn lenke til skjemaet her.

  • Alle søkarar må stadfeste at dei må levere sluttrapport og rekneskap på førespurnad
  • Tilskotsmottakarar som ikkje gjennomfører tiltak eller brukar tilskot på andre tiltak enn det som er omtala i søknaden må søkje om å bruke tilskotet annleis eller betale tilskotet attende til kommunen.

Gjeldande frå 2023 til og med 2025: alle mottakarar av tilskot gjennom Kulturårshjulet 2019-2022 skal prioriterast i handsaminga av innkomne søknader til søknadsordning 1 og 2.

Søknadsordning for større prosjekt innan kultur, idrett og fritid

  • Over kr 50 000
  • Søknadsfrist 1. september
  • Søknaden vert handsama politisk i Vinje kommune
  • Tiltaket må kome kultur- og idrettslivet i Vinje kommune til gode
  • Tiltaket bør vere nyttig eller verdifullt for flest mogleg
  • Tiltaket må ha høg kvalitet og bør vere nyskapande, og fremme Vinje som destinasjon og heimstad
  • Søkjar pliktar å levere rapport og rekneskap etter avslutta prosjekt.

Skjema til denne ordnininga er ope mellom 1. august og 1. september, og du finn lenke til skjemaet her.

Gjeldande for alle tre ordningar: