Kva søkjar må gjera

Du må søkje om seksjonering/reseksjonering på eige skjema fastsett av departementet. Du finn skjema lenger ned på sida.

Kva gjer kommunen

  • Søknaden din vert handsama i kommunen.
  • Har søknaden manglar eller blir av ein eller annan grunn avslegen, vil du bli varsla om dette.
  • Blir søknaden din godkjend, vil du og andre aktuelle partar bli varsla om det.
  • Kommunen registrerar seksjoneringa i matrikkelen og sender til tinglysing når klagefristen på vedtak om godkjent seksjonering er ute.
  • Etter at saka er tinglyst sender me tinglyste dokument og matrikkelbrev som inneheld oppdaterte opplysningar om din eigedom til deg.

Kostnader

Vinje kommune sitt gebyrregulativ for seksjonering
Prisar finn du her

I tillegg kjem gebyr fot tinglysing
Tinglysingsgebyr