Her vert det lagt til rette for gode opplevingar i fellesskap med andre og ulike aktivitetar etter behov og interesser. Vi tilbyr henting til og frå eigen heim, måltid i eit triveleg miljø og avlasting for pårørande som står i ein krevande omsorgssituasjon.

Grannestoga

Grannestoga i Åmot er eit dagtilbod for heimebuande eldre som har behov for å kunne ta del i sosiale samanhengar og for personar med demens i tidleg fase.

Det er ope måndag, onsdag og fredag frå kl. 09.00 - 14.30

Dette er eit tilbod du kan søkje om. Du må leggje ved ei fullmakt dersom det er ein annan som søkjer for deg. Prisen inkluderar frukost, middag og transport. Prisen vert justert kvart år.

Frå 01.01.2020 vert dagaktivitetstilbod for heimebuande personar med demens ei lovpålagd oppgåve for kommunane.

Falkeriset

Falkeriset ved Rauland omsorgssenter er eit dagtilbod for heimebuande personar med kognitiv svikt eller demens i tidleg fase - med behov for å ta del i sosiale samanhengar

Det er ope onsdagar frå kl. 08.30 -14.30.