Heimehjelp
Betalingssatsar for heimehjelp utrekna etter G pr 01.05.20
Treng du meir enn til saman 2 timar heimehjelp pr mnd, betalar du fullt abonnement ut i frå inntekta di pluss inntekta til ektefelle/sambuar/partnar. Det vert sett ei øvre grense for betaling etter prinsippet om sjølvkost. Sjølvkost pr 01.01.2021 er utrekna til kr 320 pr time.
Nettoinntekt | Abonnementpris pr mnd |
Inntil kr 202 702 | kr 210 |
kr 202 702 - 304 053 | kr 616 |
kr 304 053 - 405 404 | kr 1 054 |
kr 405 404 - 506 755 | kr 1 381 |
Frå kr 506 755 | kr 1 935 |
Treng du heimehjelp berre 2 timar eller mindre pr mnd, betalar du pr time. Timesatsane er då:
Inntil kr 202 702 | kr 115 |
kr 202 702 - 304 053 | kr 187 |
kr 304 053 - 405 404 | kr 227 |
kr 405 404 - 506 755 | kr 283 |
Frå kr 506 755 | kr 334 |
Institusjonsopphald
Korttidsopphald |
kr 175 pr døgn |
Dag- og nattopphald | kr 95 pr døgn |
Dersom det overstig 60 døgn på korttidsopphald i kalenderåret, må ein for resten av året betale døgnpris som tilsvarar den sats ein ville ha betalt for langtidsopphald.
Jf rundskriv I-46/97 og rundskriv I-1/2021
Jf rundskriv I-46/97 og rundskriv I-1/2021
Fribeløpet før berekning av vederlag for langtidsopphald i institusjon vert sett til kr 8.700,-
Fribeløpet før berekning av vederlag for langtidsopphald i institusjon for bebuarar som ikkje sjølv ynskjer å bu på dobbeltrom/ektepar på dobbeltrom, vert sett til kr 41 600,-
Jf rundskriv I-1/2021.Rauland og Norheimstunet omsorgssenter
Fullkost (middag, tørrmat, TV, hushaldningsartiklar, eingongsutstyr) | kr 172 pr døgn |
Trekk frukost | kr 26 |
Trekk kvelds | kr 26 |
Middag | kr 94 |
TV | kr 61 pr mnd |
Vask av klede (gjeld ikkje Norheimstunet) | kr 121 pr mnd |
Heimetenester og dagtilbod
Tryggleiksalarm - Analoglinje | kr 215 pr mnd |
Tryggleiksalarm - GSM/IP | kr 250 pr mnd |
Middag | kr 94 pr porsjon |
Leige av heimevaktmeistar | kr 147 pr time |
Hjelpemiddel frå korttidslager | kr 25 pr hjelpemiddel pr månad, makspris kr 65,00 pr månad |
Dagtilbod eldre | kr 145 |
Dagtilbod psykisk helse | kr 120 |
Helsesysterteneste, reisevaksinering, audiometri
Konsultasjon, vaksne | kr 233 |
Konsultasjon, born | kr 76 |
Konsultasjon, studentar | kr 101 |
Nytt vaksinasjonskort | kr 101 |
Fritakingsattest Gulfeber | kr 121 |
Audiometri (høyreprøver) | kr 235 |