Legevakttelefonen blir svara av stasjonær sjukepleiar frå kl. 08.00 - 22.00 alle dagar, heile året.
På natt kl. 22.00 - 08.00 blir telefonnummer til legevakta svara av sjukepleiar ved Tinn legevakt, som ved behov, formidlar kontakt med vaktlegen i Tokke - Vinje legevaktdistrikt.
Vårt vaktdistrikt har lege i vakt heile døgnet.

Sjukepleiar ved legevaktsentralen svarar på alle kontaktar frå publikum. Sjukepleiar hastegradsvurderar alle kontaktar til legevakta i tråd med nasjonale støtte- og avgjerdsverktøy for legevaktar og AMK-sentralar.
Nødvendige tiltak, som konsultasjon eller sjukebesøk frå vaktlege, og/eller kontakt med AMK -sentral / rekvirering av ambulanse, vil bli iverksett etter behov.
Sjukepleiar gjev også medisinsk råd og rettleiing på telefon.

Av og til treng du å koma i kontakt med legevakta ein annan stad i landet enn der du sjølv oppheld deg, til dømes dersom du ringer for eit familiemedlem. 
Alle legevaktene har difor eit eige nummer dei også kan kontaktast på, for Tokke – Vinje legevakt er dette nummeret framleis 35 06 25 55