Undervisninga

Undervisninga kan organiserast både som individuell undervisning, gruppeundervisning og undervisning i samspel.

Ein individuell undervisningstime varar normalt i 30 minutt. For unge nybegynnarar kan undervisningstimen vare i 20 minutt.

Gruppeundervisning og samspelsundervisning varar mellom 45 til 60 minutt.

Kven kan søkje på kulturskulen?

Kulturskulen er ein frivillig skule for alle; born, ungdom og vaksne.
Det krev ingen forkunnskapar, og det vert ikkje avlagt eksamen.

Opptak

Kulturskulen har fortløpande opptak så lenge det er ledig plass. Både søknad og oppseiing av plassen skal skje skriftleg via elektronisk søknadsskjema.

Elevane har 3 undervisningstimar prøvetid. (Det vert då vurdera av lærar og føresett om eleven skal fortsette). Etter dette har eleven fast plass i kulturskulen som blir overført frå semester til semester.

Prioritering ved opptak er:

  1. Elevar som har plass frå før
  2. Elevar frå grunnskulen og vidaregåande skule
  3. Vaksne
  4. Søkjarar frå andre kommunar

Oppseiing av plass

For haustsemesteret må du sei opp plassen din skriftleg før 1. juni.
For vårhalvåret må du sei opp skriftleg før 1. desember.
Om du ikkje gjer dette, må du betale semesteravgifta for det komande halvåret. 

Oppseiing/utmelding må skje på e-post til rektor i kulturskulen.