Med eDialog kan du trygt sende oss brev og dokument elektronisk sjølv om dei inneheld sensitiv informasjon.

Fordelane med eDialog:

  • Du sender informasjon gjennom ein sikker kanal
  • Det gjev ein sikker identifikasjon av avsendar
  • Innsendt informasjon blir sendt rett i sak/arkivsystemet

Me anbefalar deg difor å bruke eDialog ved sending av dokument til kommunen, også når innhaldet ikkje er sensitivt.
For å bruke tenesta, må du logge på/autentisere deg ved hjelp av ID-porten.

Du kan bruka eDialog dersom du skal:

  • Senda dokument til sakshandsaming eller journalføring
  • Senda sensitiv post med konfidensielle opplysningar
  • Senda dokument til eksisterande sak

Du skal ikkje bruka eDialog dersom:

  • Korleis fyller du ut skjema i eDialog?
    • Vel om du er privatperson/innbyggjar (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer).
    • Gje ei god skildring av innsendinga di. Kommentarfeltet vert lagt inn som eit eige vedlegg til innsendinga di.
    • Er saksnummeret til kommunen kjent, skriv gjerne dette i feltet «tittel» saman med tittel på innsendinga. Døme: «2023/587 – »
    • Hugs å lasta opp relevante vedlegg, helst som pdf.
    • Klikk på «send forsendelse». Du vil få kvittering på e-post.

  • eDialog kan brukast til å svara på brev frå kommunen

    Døme: Me sender deg brev der me ber om svar frå deg. Du får varsling på e-post/telefon og kan opne det i din elektroniske postboks (Om det er Altinn, Digipost eller e-Boks). I brevet finn du lenke til eDialog-skjemaet «Svar på denne forsendelsen». Du loggar inn og sender svaret til oss. Svaret går direkte til sakshandsamar i vårt system. På denne måten blir både utgåande post, og svar handtert fullelektronisk i vårt saks- og arkivsystem.

  • Kva må du hugse på når du sender post til kommunen?

    All post til og frå kommunen er offentleg med mindre den inneheld informasjon som er omfatta av teieplikt. Dersom skrivet frå deg blir sakshandsama, vert det registrert i kommunen sitt arkiv- og sakshandsamingssystem og deretter publisert i kommunen sine postlister.