COM3 er eit interregionalt EU-prosjekt, med deltakarar frå landa i Nordsjø-regionen, det vil seie Danmark, Nederland, Tyskland, Belgia, Storbritannia, Sverige og Noreg. Namnet COM3 står for «Building competencies for competitive companies». Det overordna målet med prosjektet er å styrke kommunar, fylke og regionar si rolle som støttespelarar for det lokale næringslivet, i første rekke når det gjeld kompetanse innan digitalisering. Vinje kommune er ein av deltakarane i prosjektet, med Universitetet i Søraust-Noreg (USN) som partnar. Gjennom prosjektet ønskjer kommunen å ta ei meir aktiv rolle som støttespelar for næringslivet, og slik medverke til at verksemdene kan drive godt og utvikle seg vidare. Prosjektet varar til sommaren 2023.

13 verksemder i Vinje medverkar i gjennomføringa av prosjektet. Verksemder som ønskjer å vite meir eller ta del i prosjektet kan ta kontakt med prosjektleiaren (sjå boks med kontaktinformasjon).

Går mot slutten

Sidan 2019 har Vinje kommune tatt del i det europeiske Interreg-prosjektet COM3. 
Prosjektet, som har bidratt til å styrke kommunen sitt næringsarbeid, går no mot slutten.

COM3 er eit Interreg-prosjekt med deltakarar frå landa i Nordsjø-regionen, det vil seie Danmark, Nederland, Tyskland, Belgia, Storbritannia, Sverige og Noreg. Namnet COM3 står for «Building competencies for competitive companies». Det overordna målet med prosjektet er å styrke kommunar, fylke og regionar si rolle som støttespelarar for det lokale næringslivet, i første rekke når det gjeld digitalisering. Vinje kommune er ein av deltakarane i prosjektet, med Universitetet i Søraust-Noreg (USN) som partnar. 13 verksemder i Vinje har også medverka i gjennomføringa av prosjektet.

− For Vinje kommune sin del har målet med deltaking i COM3-prosjektet vore å ta ei meir aktiv rolle som støttespelar for næringslivet og slik medverke til at verksemdene kan drive godt og utvikle seg vidare. Me har lært mykje om oss sjølve og kva det lokale næringslivet treng, og skaffa oss verdifull erfaring med internasjonalt samarbeid. Prosjektet har også styrka partnarskapet vårt med USN, seier assisterande rådmann og prosjektansvarleg Anders Sandvik.

Prosjektet går no mot slutten. Deltakinga har styrka kommunen sitt næringsarbeid og resultert i fleire nye aktivitetar som vil bli vidareført etter at prosjektet er avslutta (sjå nedanfor). 

− Deltaking i slike Interreg-prosjekt er givande og kan tilføre mykje til kommunen. Me får ekstern finansiering, nettverk, inspirasjon, attraktive arbeidsoppgåver og eit godt høve til å jobbe med organisasjonsutvikling. Samtidig er slike prosjekt krevjande. Dei krev mykje intern og ekstern samhandling, administrasjon og rapportering. Men om ein klarar å hente ut potensialet, så er slike prosjekt veldig verdifulle for kommunen, meiner prosjektleiar Kyrre Hegg.

COM3-prosjektet har nyleg fått positiv omtale på nettsidene til Universitetet i Søraust-Noreg og på nettportalen Interreg.no. Les sakene her:

Resultat frå COM3-prosjektet:

  • Næringsplan: COM3-prosjektet har bidratt mykje i prosessen med å jobbe fram ny næringsplan. Planen er snart ferdig og skal handsamast politisk i september. 
  • Næringstreff: COM3-prosjektet tok initiativ til ein ny møtearena for næringslivet i Vinje. Næringskontoret har arrangert fem «næringstreff» i prosjektperioden, no sist 14. juni med politisk debatt om næringsutvikling. Næringstreffet har relativt god oppslutning, og næringskontoret vil halde fram med å arrangere treff også etter at prosjektperioden er over.
  • Nyheitsbrev: Eit av tiltaka i COM3-prosjektet var eit nyheitsbrev om næringsutvikling i Vinje som blir sendt ut til lokale verksemder. Næringskontoret har sendt ut tolv nyheitsbrev i prosjektperioden. Statistikken viser at mange les nyheitsbreva, og næringskontoret vil halde fram med nyheitsbrev også etter at prosjektperioden er over.
  • Studentprosjekt: COM3 har gjennomført to studentprosjekt, eitt med oppstartsselskapet Spegle (nettside) og eitt med Haukelifjell skisenter (interaktivt/digitalt kart). Målet med prosjekta var å prøve å utnytte ressursane som finst blant studentane på USN til å hjelpe lokalt næringsliv med utviklingsprosjekt. Sjølv om prosjekta ikkje resulterte i produkt som blir vidareført, har næringskontoret fått tilbakemelding om at studentprosjekta var lærerike og nyttige for vidare arbeid. Næringskontoret vil difor prøve å legge til rette for fleire slike studentprosjekt i framtida.
  • Læringsverktøy for små verksemder: Mange store verksemder og universitet nyttar seg av digitale læringssystem for å drive med opplæring og internkontroll. Slike system er i langt mindre bruk i små verksemder, då dei er kostbare og krevjande å ta i bruk. Som ein del av COM3-prosjektet har næringskontoret testa ut korleis denne teknologien kan bli tilgjengeleg for små verksemder. Saman med Groven camping og hyttegrend har næringskontoret testa ut eit læringssystem og vurdert ulike former for samarbeid om eit slikt system. Dette gav mange gode lærdommar. Desse tar næringskontoret no med seg inn i eit større kompetanseprosjekt for reiselivet i Vestfold og Telemark, i samarbeid med Vestfold og Telemark Reiseliv og Telemark Næringshage.

COM3-prosjektet har på europeisk nivå produsert mange ressursar, slik som nettbaserte kurs og handbøker. 
Les meir om dette på www.ruraldigital.eu