For å kunne nytte styrketreningsrommet må du betale for sesongkort eller månadskort.

Betaling

Kortet skal betalast inn på konto eller med vipps. 

Vipps108935. Skriv i merknadsfeltet kva betalinga gjeld.

Kontonr. 2717 07 00037, merk med 4070340, namn, styrkerom og sesong/månad (haust/vår + årstal) 

Aldersgrense for å trene på eige hand i styrkerommet er 16 år.

Nykelkort
Det er eigne nykelkort til styrkeromma. Korta får du av vaktmeister ved å vise fram kvittering for å ha betalt.

Nykelkortet kostar 100 kr. Dette er eit eingongsgebyr, men mistar du kortet må du betale for nytt.