Forskotsskatt - betaling og innkrevjing

Driv du sjølvstendig næringsverksemd(enkeltpersonforetak), skal du betale utskrive forskottsskatt. Det kan også gjelde dersom du er deltakar i ansvarleg selskap og kan forvente ein del av skattbart overskot i selskapet eller dersom du er personleg skatteytar med store kapitalinntekter som det ikkje er teke omsyn til i forskotstrekket i lønsinntekt.
Dersom du har utskrive forskotsskatt, får du tilsendt betalingskort fire gongar i året. Skatten er berekna på bakgrunn av likningsresultatet forrige år. For at nye enkeltpersonforetak og deltakarar i ansvarlege selskap skal få utskrive forskotsskatt og få tilsendt innbetalingkort, må de melde frå til Skattekontoret om verksemda og fortelje kor stort overskot eller underskot ein forventar det første året.
Betaling skjer til bankkontoen til skatteoppkrevjaren for skatt. Dersom ein ikkje betalar, blir det berekna forsinkingsrenter frå forfall og fram til betaling skjer. Hvis kravet ikkje blir betalt frivillig, kan skatteoppkrevjaren setje i gang tvangsinnkrevjing og kostnader kan påløpe iht. rettsgebyrlova.

Målgruppe

  • Personar som driv sjølvstendig næringsverksemd
  • Deltakerar i ansvarlege selskap
  • Andre skatteyterar som får utskrive forskotsskatt

Restskatt - betaling og innkrevjing

Restskatt er eit krav som kjem fordi du har betalt for lite skatt før likning. Den må betalast sjølv om du klagar på likninga. Restskatt på over 1 000 kr har to forfall med like store beløp. Betaling skjer til skatteoppkrevjaren sin konto for skatt. Dersom du ikkje betalar, blir det berekna forsinkingsrenter frå forfall og fram til betalinga skjer. Ved tvangsinnkreving kan kostnader påløpe iht. rettsgebyrlova.
Hvis du er uenig i likninga, skal klage sendast til Skattekontoret. Fristen er tre veker etter kunngjering av skattelista. Dersom du har levert forhandsutfylt sjølvmelding som er omfatta av det første skatteoppgjeret, er fristen for å klage 10. august eller innan seks veker etter at det blei kunngjort at skatteoppgjeret var ferdig.

Dersom du treng ein KID til innbetaling, kan du lage ein KID sjølv på skatteetaten.no. Søk på "lage KID". 

Målgruppe

  • Personar som får restskatt ved skatteoppgjeret

Forskotstrekk og arbeidsgjevaravgift - bataling og innkreving

Frå og med 1. januar 2009 er det felles frist for arbeidsgjevarar til å sende inn oppgåve og oppgjør av forskotstrekk og arbeidsgjevaravgift. Fristen er den 15. i månaden etter utløpet av kvar av dei seks tomånadlege terminane( januar/februar-mars/april osv). Du betaler til bankkontoen til skatteoppkrevjaren for skatt.
Dersom du ikkje betalar, vil det bli berekna forsinkingsrenter frå forfall og fram til betaling skjer. Hvis du ikkje betalar, vil skatteoppkrevjaren setje i gang tvangsinndriving og kostnader kjem på iht. rettsgebyrlova.
Innan 31.januar i året etter inntektsåret skal det sendast inn løns-og trekkoppgåver.

Målgruppe

  • Arbeidsgjevarar - verksemder

Skatteattest

Skatteattesten er dokumentasjon på innbetalt skatt og avgift. Den skal ikkje vere eldre enn seks månader. Som leverandør treng ein skatteattest dersom ein skal levere varer og tenester til stat eller kommune. Oppdragsgjevarar bør be om skatteattest frå leverandørane sine dersom ein ønsker å framstå som ein seriøs kjøpar av varer eller tenester.

Den nye sjølvbetjeningsløsninga i Altinn har følgande funksjonalitet: Ein felles attest for skatt og meirverdiavgift

Attesten kan tingast:

  • Av brukeraren sjølv i Altinn
  • Ved å kontakte skatteopplysninga på tlf. 800 80 000
  • Ved å kontakte skatteoppkrevjar

Attesten produserast same dag og sendast til meldingsboksen til den det gjeld i Altinn. Attesten er i pdf-format.

Reduksjon eller fritak for skatt

Som hovudregel skal alle betale den skatten som er fastsett. I visse tilfelle kan du søke om å få utsette betalinga, få skatten redusert eller sleppe å betale skatt.

Målgruppe
Skattepliktige som ikkje er istand til å betale heile eller delar av den skatten dei skylder.

Vilkår
Du kan få utsetting med innbetaling av skatte -og avgiftskrav hvis du er midlertidig ute av stand til å betale skatten. Årsaker kan vere dødsfall eller alvorleg sjukdom. Skattekravet kan setjast ned eller fråfalle dersom betalingsevna di er varig svekka.

Veiledning
Ein søknad skal innehalde følgande opplysningar:

  •  Namn
  •  Stilling
  • Sivilstand
  • Inntekt eigen og evt. ektefelle/sambuar dei to siste åra
  •  Antall barn ein førsørgar
  • Opplysningar om skatten er fastsett ved skjønn eller sjølvmelding 
  • Kva for krav ein ønskar ettergjeve
  • Opplysningar om evt. sjukdom
  • Oppgåve over faste utgifter
  • Grunngjevning for søknaden

Alle opplysningane skal vere dokumentert.

Sakshandsaming
Skatteutvalet avgjer søknader inntil kr 200 000. I saker som gjeld beløp over dette, treff Skattekontoret avgjersle. Skatteoppkrevjaren kan avgjere søknader om ettergjevning/nedsettjing av forsinkingsrenter inntil kr 50 000.

Klage
Det er ikkje mogleg å klage over vedtak som er gjort av skatteutvalet. På avgjersler gjort av skatteoppkrevjar eller skattekontoret, kan du klage til overordna myndighet etter reglane i forvaltningslova.
Du kan søke på nytt dersom du meiner at saka ikke har vore tilstrekkleg opplyst eller at situasjonen din har endra seg.

Kontaktinformasjon a-ordninga

Spørsmål om a-meldinga:
Etatenes fellesforvaltning: a-ordningen@skatteetaten.no
Tlf. 800 80 000 innvalg 4-3-3 (Skatteopplysninga)

Tekniske spørsmål ved innsending av a-meldinga i Altinn:
Altinn brukerservice: support@altinn.no Tlf. 75 00 60 00, ope kvardagar kl. 08.00 - 15.30

Andre spørsmål  

  • Spørsmål om lønssystemet? Kontakt lønssystemleverandør.
  • Spørsmål om yrkeskodar (STYRK)? Kontakt Statistisk sentralbyrå på yrke@ssb.no eller gå inn på www.ssb.no/a/yrke.
  • Spørsmål om arbeidstilhøve? Kontakt NAV på tlf. 55 55 33 33 eller gå inn på www.nav.no.  
  • Spørsmål om regelverket for forskotstrekk og arbeidsgjevaravgift, og berekningmåte for arbeidsgjavaravgift? Kontakt skatteoppkrevjarkontoret.
  • Spørsmål om skatteplikt, grunnlag for arbeidsgjevaravgift, trekkplikt og skattekort? Kontakt skatteetaten på tlf. 800 80 000.