Ferieaktivitet for ungdom/ Sommarskulen
Vinje kommune har sidan 2018 arrangert ulike ferieaktivitetar for Vinjeungdomen.
I sommar blir det arrangert sommarskule for andre året på rad! Dette gjeld aldersgruppa 4. kl. - 10. kl.
Ferieaktivitetane elles gjeld alderen 8. kl. opp til 19 år, om ikkje ana er oppgitt.
Ikkje alle reiser på ferie når det er skulefri, og for nokon kan feriane bli lange, utan å ha noko å ta seg til. Difor vil kommunen gje gode og rimelege tilbod til ungdomane, der mat og transport inngår som ein del av «pakka». Det har vist seg at dette er blitt eit veldig populært tiltak, der ungdomane kjem saman på ein litt annleis arena.
Ferietilboda skal vera av variera grad. Dei skal innehalde ein form for aktivitet, samt ha fokus på eit sunt og normalt kosthald. På sumarstid har me arrangert turar til fornøyelsesparkar, samt ein to-dagars tur til kysten, for å nemne noko. På vinteren legg me opp til aktivitetar der me i størst mogleg grad får nytta snøforholda i fjellkommunen vår.