Når treng ein salsløyve?
Butikkar som skal selje alkohol må søkje om salsløyve.
Salsløyve gjeld for drikke med høgst 4,7 volumprosent alkohol.
Løyvet blir gjeve til den personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta
Korleis få salsløyve?
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema.
Lenke til søknadsskjema finn du her
I søknaden må ein gje opplysningar om staden, eigarforhold og kven som skal vera styrar og vara samt kopi av bestått kunnskapsprøve for desse.
Søkjar, eigar, styrar, vara og eventuelt andre med vesentleg innflytelse på verksemda må ha utvist uklanderleg vandel.
Handsaming
Søknadar om salsløyve blir handsama politisk i OVU (oppvekst- og velferdsutvalet).
Søknadane blir sendt til politiet, sosialtenesta og skatteetaten for uttale.
Det kan ta opp til 3 veker før ein har fått uttale frå desse etatane.
Endringar ved salsstaden
Løyvehavar pliktar straks å melde ifrå til kommunen dersom styrar eller vara sluttar, dersom det skjer eit eigarskifte, ved avvikling eller liknande.
Omsetningsoppgåve
Alle som har salsløyve må kvart år betale eit gebyr til kommunen.
Størrelsen på gebyret avheng av kor mykje alkohol som blir selt.
Det er eit minimumsgebyr som blir fastsett i loven.
Opplysningar om antal liter som er selt skal rapporterast til kommunen på elektronisk skjema innan 1. mars.