Å skaffe seg bustad er den einskildes ansvar.
Personar som sjølv eller ved hjelp av andre offentlege instansar ikkje klarar å skaffe seg eigen bustad, kan søke om kommunal bustad.

Kommunale utleigebustader og bustader der kommunen har tildelingsrett er eit tiltak for å hjelpe bustadsøkarar med spesielle behov og vanskelegstilte, på bustadmarknaden. Kommunal bustad er eit midlertidig tilbod. Du kan bruke tida du leiger bustaden til å planlegge korleis du vil bu i framtida.

Kommunale utleigebustader og bustader der kommunen har tildelingsrett kan bli gjeve med varig bustadkontrakt. 

Utleigebustad

Bustadane er spredt over store delar av kommunen
Kommunale utleigebustader og bustader der kommunen har tildelingsrett kan bli gjeve med varig bustadkontrakt.

I nokre tilfeller der det er vanskeleg å skaffe kvalifiserte skerar til kommunale stillingar, kan det vera aktuelt at kommunen tilbyr den tilsette bustad som ein del av stillinga. Dette må avklarast under jobbintervju og før tiltreding av stilling. Bustad for tilsette blir gjeve for ei tidsavgrensa periode.

Slik søker du

Fyll ut skjema og send til bustadkontoret

Du kan få hjelp med å skrive søknad. Ta kontakt med bustadkonsulenten. Du kan og fylle ut søknad og levere på Tenestetorget i kommunen.

Dersom søknaden din blir innvilga, vil du få eit skriftleg tilbod om bustad.

Dersom du får avslag, vil du få skriftleg melding om dette, med moglegheit for å klage på avgjerdsla.

Kontakt

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med:
Bustadkonsulent Ann-Kristin Egge
på telefon 91 39 90 02, 
eller send e-post til ann.kristin.egge@vinje.kommune.no