Sentralen fungerer som brubyggjar for menneske, frivillige lag og oprganisasjonar og det offentlege. Frivilligsentralen sin funksjon er i hovudsak å initiere, mobilisere og samordne frivillig innsats i kommunen. Sentralen stimulerer einskildpersonar og grupper i Vinje til å bruke seg sjølv i frivillig arbeid ved å:
- vera ein pådrivar og leggje til rette for frivillig arbeid
- vera ein ressurs for frivillig arbeid i Vinje
- synleggjera eksisterande frivillig arbeid
- utvikle gode samarbeidsformer mellom profesjonelle og frivillige
- bidra til auka samarbeid mellom ulike frivillige organisasjonar og grupper
- stimulere frivillige til å melde behov til frivilligsentralen og offentlege etatar
- vera eit supplement til dei offentlege tenestetilboda
Dersom det er noko frivilligsentralen kan hjelpe deg med, er det berre å ta kontakt på e-post eller telefon. Vinje frivilligsentral har kontorplass på kommunehuset, saman med kultur. Det er også veldig triveleg om du vil koma innom her.