Edland barnehage
Viktig melding
Elektroniske skjema for oppseiing er ennå ikkje ferdige, men blir jobba med i Visma.
Foreldre som ynskjer å sei opp plassen må derfor sende ein e-post om oppseiing til barnehagen det gjeld.
Barnehagen har 54 plassar for barn i alderen 1-6 år. Barna kan få plass 3, 4 eller 5 dagar i veka.
Barnehagen er organisert med ei gruppe for dei eldste (Lykle), ei gruppe for 3- og 4 åringane (Blåmann), og ei gruppe for 1- og 2 åringane (Bruse).