Assisterande rådmann Anders Sandvik er oppvekstansvarleg i Vinje kommune og barnehagemynde for Vinjebarnehagen. 

Vinje kommune eig og driv fire barnehagar som gjev tilbod etter Barnehageloven på fire plassar i kommunen. Samlenamnet Vinjebarnehagen omfattar Øyfjell, Rauland, Åmot og Edland. Me har full barnehagedekning og for tida ingen private barnehagar. I Vinjebarnehagen samarbeider me tett for å gje gode likeverdige tilbod i heile kommunen.

Etter Barnehagelovens § 1. Formål  skal Vinjebarnehagen i samarbeid og forståing med heimen ta vare på barnas behov for omsorg og leik, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling.

Edland, Åmot og Rauland barnehage har barnehagesjefar og Øyfjell oppvekstsenter har oppvekstsjef som styrer barnehagane. Desse er kommunens eigarrepresentantar som skal syte for at verksemdene blir drive i samsvar med gjeldande lover og regelverk.

Kommunen ved oppvekstansvarleg er lokal barnehagemynde. Kommunen skal gje rettleiing og sjå til at barnehagane vert drive i samsvar med gjeldande regelverk. Alle barnehagane skal ha godkjenning frå barnehagemynden.