Føremål

Føremålet med psykososialt kriseteam er å yte tilfredsstillande psykososial omsorg og støtte til enkeltpersonar, familie og lokalsamfunn som har vore utsett for krise, ulukke eller katastrofe i kommunen. Psykososialt kriseteam kan og gje tilbod til innbyggjarar i Vinje kommune som har vore utsett  for tilsvarande ulukker utanfor kommunen. Målet er  å redusere langtidsplager som fylgje av den aktuelle stress situasjonen.

Samansetting

Psykososialt kriseteam er leia av avdelingsleiar i psykisk helse og rus og hovudgruppa er samansett av fagpersonar frå fylgjande tenesteområde:

  • Psykisk helse og rus, for born og for vaksne
  • Lege
  • Helsesyster
  • Prostidiakon
  • Kyrkja

Psykososialt kriseteam organiserar seg sjølv. Ved behov vert også fagpersonar frå NAV, politi, skulefagleg rådgjevar og/ eller barneverntenesta involvert. Psykososialt kriseteam har ikkje vaktberedskap.