Retningsliner:
- Som veg reknast vegsystem frå offentleg veg med alle samlevegar og greiner som tener ein eller fleire bustadar med fast heilårs busetnad.
- Når det er fleire interesser enn ein husstand til vegen, er det krav om veglag med føresegner godkjent av kommunen for å få utbetalt tilskot.
- Veglag skal ha leiar, kasserar og eigen bankkonto. Tilskotet blir utbetalt til veglaget sin konto.
- Lengda på veg blir rekna med grunnlag i alle greiner til fast busetnad.
- Lengda som blir grunnlag for tilskot blir redusert med 200 meter for kvar husstand. Dersom det ligg hytter langs vegen blir det trekk i veglengda på 50 meter for kvar hytte. Lengda kan og reduserast for industri, næring, kraftproduksjon og liknande, med ei lengde som står i høve til omfanget av tiltaket.
- Kommunestyret vedtek kor stort tilskotet skal vere pr. meter veg i samband med budsjett. Dette blir gjeldande frå 2020.