Førehandsrøystinga til kommune- og fylkestingsvalet 2023 startar 10. august.  Du kan førehandsrøyste i den kommunen du sjølv ynskjer. 

Dersom du førehandsrøyster i ein annan kommune enn der du står oppført i manntalet, må du gjera dette så tidleg at stemma di kan nå fram til den rette kommunen innan 12. september. 

I Vinje kommune kan du førehandsrøyste på kommunehuset i Åmot,  alle kvardagar mellom klokka 08.00 og 15.00, frå 10. august til og med 8. september 2023. 

Dokumentasjon

Ta med legitimasjon med bilete når du møter fram for å førehandsrøyste. Om røystemottakaren ikkje kjenner deg, vil du elles ikkje få røyste. Last gjerne ned valkortet på telefonen. Dersom du har fått det tilsendt, bør du ta det med, sølv om det ikkje er eit krav for å få førehandsrøysta. 

I tillegg blir det mogleg å førehandsrøyste på desse stadane:

  • Rauland omsorgssenter: 15. august  kl. 13.15 – 15.00 
  • Norheimstunet: 17. august  kl. 11.00 – 13.00
  • Vinje sjukeheim: 23. august  kl.11.00 – 13.00
  • Universitet på Rauland: 29. august kl. 09.00 – 12.00

Søknadar om å få røyste utanom desse stadene (ambulerande) må koma inn til valstyret innan torsdag 7. september kl. 14.00!