Når treng ein fast skjenkeløyve?

Serveringsstadar som ynskjer å skjenke alkohol må søkje om både serveringsløyve og skjenkeløyve.
Løyvet blir gjeve til den personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta.

Korleis få fast skjenkeløyve?

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema.
Lenke til søknadsskjema finn du her

I søknaden må ein gje opplysningar om staden, skjenkearealet (planteikning/kart), eigarforhold og kven som skal vera styrar og vara samt kopi av bestått kunnskapsprøve for desse. 
Det må også ligge vedlagt kopi av bestått etablerarprøve for dagleg leiar. 
Søkjar, eigar, styrar, vara og eventuelt andre med vesentleg innflytelse på verksemda må ha utvist uklanderleg vandel. 

Handsaming

Søknadar om skjenkeløyve blir handsama politisk i OVU (oppvekst- og velferdsutvalet).
Søknadane blir sendt til politiet, mattilsynet og skatteetaten for uttale.
Det kan ta opp til 3 veker før me får svar av desse etatane.

Endringar ved skjenkestaden

Løyvehavar pliktar straks å melde ifrå til kommunen dersom styrar eller vara sluttar, dersom det skjer eit eigarskifte, ved avvikling eller liknande.

Omsetningsoppgåve

Alle som har fast skjenkeløyve må kvart år betale eit gebyr til kommunen.
Størrelsen på gebyret avheng av kor mykje alkohol som blir selt.
Det er eit minimumsgebyr som blir fastsett i loven. 
Opplysningar om antal liter som er selt skal rapporterast til kommunen på elektronisk skjema innan 1. mars.