Småskuletrinnet

Øyfjell skule er fådelt, dvs at 1.-2. trinn går saman, og 3.-4. trinn går saman, med unnatak av fleire delingstimar i basisfaga. 1.-2. trinn går på skulen 4 dagar, med fri kvar torsdag. 3.-4. trinn går på skulen 5 dagar i veka, men skuledagen kvar torsdag er slutt kl.10.50.

SFO er for 1.-4.trinn.

Mellomtrinnet

Mellomtrinnet har ein del undervisningstimar saman i fellesfaga, medan dei er delt i dei fleste timane i basisfaga. Elevane i 5.-7.trinn går på skulen 5 dagar i veka, men skuledagen kvar torsdag er slutt kl.10.50, med unnatak av 4 torsdagar der dei har fulle dagar med fokus på naturfag / uteskule. 5.klassingane er fadrar for nye fyrsteklassingar, og alle elevane på mellomtrinnet skriv «jobbsøknad» med arbeidspraksis nokre timar i barnehagen på vårparten. Skulen har fokus på inkluderande skulemiljø, fysisk aktivitet og positive aktivitetar på tvers av trinna.