Kreftkoordinator kan bidra med

  • Råd, rettleiing til pasientar og pårørande
  • Bistå i oppfylgjing av born og unge som er pårørande
  • Oversikt over relevante tilbod og tenestar
  • Samarbeid med heimesjukepleia, fysio -og ergoterapeutar, fastlegar, sjukehus og andre fagpersonar
  • Vera eit bindeledd mellom sjukehus og kommunen, samt vera bidragsytar til heilskapeleg og samanhengande kreftomsorg

Kontaktinformasjon til kreftkoordinator

Kreftkoordinator i 20% stilling, med kontordag kvar onsdag på Rauland : telefon 91 24 85 66. 
Ved fråver kan ynskje om kontakt bli meldt til Koordinering og tildelingskontoret på telefon 46 88 43 16.

Kontaktsjukepleiar i Heimetenestene og på Vinje Sjukeheim

Heimetenesta i Åmot, Rauland, Øvre Vinje samt Vinje Sjukeheim, har kontaktsjukepleiar for kreftpasientar som i samarbeid med dei andre tilsette fylgjer opp den som er sjuk og deira pårørande der dei bur eller oppheld seg. Målet er å skape tryggleik, kontinuitet, tett oppfølging og god symptomlindring.

Kven kan ta kontakt

Du kan ta kontakt sjølv, eller be legen din, sjukehuset eller andre formidle kontakt. Tilbodet er gratis og krev ikkje tilvising frå lege.

Primærhelseteam

Primærhelseteam er ei tverrfagleg gruppe som skal arbeide saman for å gi god oppfølging til innbyggarane på fastlegen si liste. 
Kjernen i teamet består av fastlegen saman med sjukepleiar og helsesekretær. Teamet jobbar ut frå pasienten sine behov og samordnar dei helse- og sosialtenestene som pasienten treng.