Vinje folkebiblioteket treng hjelp av friviljuge om utkøyring av bokkassa éin gong i månaden, for dei som ikkje har moglegheit til å kome til biblioteket sjølv. 

Bibliotekarane fyller eit par koffertar med eit variert utval frå samlinga, som blir køyrt ut for utlån. Mottakarane kan også kome med spesifikke ynskje om kva dei vil låne, enten det er bøker, lydbøker, CD eller DVD. 

Ta kontakt med Vinje folkebibliotek dersom du er interessert i å hjelpe til med dette arbeidet.

Kontaktinformasjon

E-post: biblioteket.aamot@vinje.kommune.no
Telefon 35 07 26 60