Kva er Civis?

  • Civis er ein applikasjon (app), eller eit program, du kan ha på mobiltelefonen eller nettbrettet ditt. For å ha appen på telefonen din, må du ha ein smarttelefon. 
  • Vinje kommune brukar innbyggjarappen Civis for å informere om aktuelle saker, og dele fine historiar frå kommunen vår. 
  • Appen er gratis, og du vel sjølv kva for kategoriar du ynskjer å få informasjon om. Me har 13 kategoriar du kan velje, det er mellom anna “Kultur og fritid", “Beredskap og krisevarsling”, “Planar og høyringar” og “Vinje kommune informerer”. 
  • Det er ein eigen meny i appen som heiter “Sjølvbetening”, der finn du snarvegar til nyttige nettsider. Det er mellom anna snarveg til Vinjenett, eBillett, Helsenorge med meir. 

Slik lastar du ned Civis

  • Du kan laste ned innbyggjarappen gratis på mobiltelefon eller nettbrett  
  • Last ned appen i App Store eller Google Play, eller scan QR-koden i bildet under
  • Fylg instruksjonane som kjem opp i appen, for å velje kva for kommunar du ynskjer å få informasjon om, og kva for kategoriar du vil fylgje. Dette kan du endre på når som helst. 
  • Om du ynskjer å få eit varsel når det blir lagt ut ei ny melding i ein kategori du fylgjer, kan det vera lurt å aktivere varslingar. Dette er noko du vel når du tek i bruk appen fyrste gong, eller du kan inn på varslingsinnstillingane på telefon eller nettbrett for å tillate varslingar. 

Treng du hjelp til å laste ned Civis?

Du kan bruke rettleiinga under når du skal laste ned Civis. Den viser deg korleis du lastar ned appen, og forklarar korleis du kan bruke Civis. 

Slik lastar du ned og brukar Civis -trinn for trinn  

Du kan også ringe, eller koma innom på Tenestetorget om du treng hjelp med Civis. 

Last ned med QR-kode

Bilde med QR kode, utan last ned
Bilde med QR kode