Som ein del av folkevekstsatsinga, er Vinje èin av pilotkommunane i Fortidsminneforeininga si satsing Ljos i gamle hus. Lenke til sida finn du her.
Eg er prosjektleiar lokalt. Målsettinga er at tomme og aude hus i Vinje skal bli sette i stand å få nytt liv.
Bygningsvern og gjenbruk står sentralt, og alle type bygg inngår i prosjektet. Om du har eit tomt, gamalt bygg som du ynskjer å sette i stand, så ta gjerne kontakt om du ynskjer hjelp til stader å søke midlar, rådgjeving eller har generelle spørsmål kring prosjektet Ljos i gamle hus.

Det blir digital søknadsverkstad 20. april, i regi avFortidsminneforeininga/Ljos i gamle hus. Meir informasjon om dette kjem.

 
Generelt for mitt virke framover - fokusområder for 2023:

  • Kartlegging og arbeid kring bustadtilhøve
  • Korleis ta imot nytilflutte på best mogleg måte
  • Samarbeid bygdefolk, næringsliv, Visitaktørane med fleire.

Om nokon sit med gode idear og innspel til korleis me kan få raskare og større vekst i folketalet, er de velkomne til å lufte dei med meg.
Eg har kontor på kulturkontoret på kommunehuset, og her er døra open. Ta gjerne kontakt på førehand om du ynskjer eit møte.

Eg gler meg til jobben vidare, i lag med dedikerte kollegaer, og eit engasjert lokalsamfunn!

Det er oppretta ein nettstad som heiter Vinjenaturlegvis.no, som er ein fin digital portal for dei som ynskjer å flytte til Vinje, men også fin å sjå på, og vise til for innbyggarane i kommunen vår. Du ser link til sida her.

Med helsing

Silje Hagen
Vinjelos

Vinjelosen sitt hjørne - februar 2023

Denne månaden har eg lyst å rette fokus mot Reinsparken på Edland. 

 

Bakgrunn

Det er viktig for prosjektgruppa Reinsparken å løfte fram kva som ligg i dette prosjektet, då det er ei ganske stor satsing sett i lokal, nasjonal og nordisk målestokk! Gjennom ein søknadsprosess og konkurranse leia av Tverga (nasjonalt ressursenter for eigenorganisert fysisk aktivitet), kom Vinje med som 6 av 38 kommunar. Det meste av midlane til trinn 1 i prosjektet, er søkte eksterne midlar.

Kva er Reinsparken

Dette er eit samskapingsprosjekt mellom einingane Kultur, næring og fritid og Teknisk drift og infrastruktur i Vinje kommune. Reinsparken skal bli ein sosial møteplass som inneheld sykkelanlegg, jogge/turløype og badeplass. Lokaliseringa er sentral i høve til hovudferdselsåra E-134, og er sentralisert i eit av sentra i kommunen, Edland/Haukeli. Parken er meint å vera eit positivt tilskot til heile Vinje kommune, så vel som turistar og andre forbi- og tilreisande. Anlegget blir einaste i sitt slag i Noreg. Det ligg i namnet at «Reinsparken» er forankra i temaet villrein. Dette har mellom ana med vår identitet å gjera, men også for å ha eit attraktivt og annleis tilbod til dei som oppsøkjer Vinje som nasjonalparkkommune og reiselivsdestinasjon. Det er samstundes morosamt og lærerikt å jobbe saman i ein prosess for å skape ein aktivitetspark utanom det vanlege. 

Heilt frå starten har det vore medverknad med elevar, barnehage, skule og representant frå idrettslaget. Andre aktuelle partar har også kome til etter kvart. Det er stadig nye medverknadsrundar etter som anlegget tek form. Alt er jobba ut frå ynskja til elevgruppa. Det er tenkt ein heilskap for området, frå parkeringsstruktur utanfor barnehage/helsehus til utforming av sjølve parken. Dette berører ulike kommunale prosjekt i området, men er likevel viktig å sjå i samband med kvarandre.

Trinn 1 - Sykkelparken

Det nærmar seg ei skisse for trinn 1, som omhandlar sykkeldelen i parken. Sykkelområdet vil bli heilt spesielt, og er ikkje heilt standard samanlikna med andre nasjonale sykkelanlegg. Skissa blir truleg klar i veke 7. Om barnehage og skule godkjenner denne som den då ligg føre, gler me oss til å lansere den i nær framtid. Byggestart er tenkt våren 2023.

Meir informasjon

Vinjelosen