Vedtekter lokalhistorisk arkiv

1.Namn på arkivet er Lokalhistorisk arkiv – Vinje Kommune. Arkivet skal ha ansvar for sikring, bevaring og formidling av privatarkiv og historisk kommunalt arkiv fram til 1965 frå dei to kommunane Rauland og Vinje Eigar er Vinje Kommune. Arkivet er etablera med tilskot frå Norsk Kulturråd og Vinje kommune. Arkivleiar er kulturvernkonsulenten.
 
2.Arkivet skal vera for alle som bur i Vinje kommune. Arkivet kan nyttast av andre etter avtale.
 
3.Arkivet skal samle inn og ordne privatarkiv og historisk kommunearkiv som foto, film, stadnamn, folkeminne, bedriftsarkiv og vanleg saksarkiv.
 
4. Arkivet skal aktivt stille arkivalia til rådvelde for offentleg bruk etter gjeldande reglar for innsyn i slikt materiale. Arkivet skal spreie kunnskap om arbeidsområde og arkivalia. 
 
5. Innsamla arkivalia er offentleg eigedom om det ikkje er oppretta andre avtalar med dei som har eigedomsrett til arkivet før det kjem til arkivdepot. Arkivet kan ta i mot deponera materiale frå private eigarar, men har ikkje plikt til å ordne dette. 
 
6. Styre for arkivet er næraste politiske organ. Styret godkjenner årsmelding og rekneskap og arbeidsplan med budsjett. Styret har ansvar for at samlingane er trygt oppbevara, forsvarleg ordna og registrerte og at  dei er offentleg tilgjengelege med fast opningstid. 
 
7. Om Lokalhistorisk Arkiv – Vinje Kommune vert lagt ned, skal ein deponere samlingane saman med kommunearkivet.