Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Friluftsliv, jakt og fiske

Jakttider i Vinje 2023

  • Rådyr - 10. august til 23. desember
  • Villrein - 20. august til 20.september
  • Hjort 1. september til 23. desember
  • Elg - 22. september til 23. desember

Vinje kommune er eigar av den store fjelleigedomen Berunuten Vest som ligg nord for Songavatn. Eigedomen på omlag 90 000 daa kjøpte Vinje kommune av brukseigar Treschow i 1979.

Med dette kjøpet ville kommunen opne ein bit av dei store fjellviddene for bruk til jakt, fiske og anna friluftsliv for ålmenta. Desse områda var, og er, for ein stor del private og utanbygds eigde. Sportsfiske, garnfiske, småviltjakt, friluftsliv og dei 7 hyttene på eigedomen er for alle.