Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Eigarskap

Eigarskapspolitikk

Vinje kommune har skilt ut delar av kommunen si verksemd i interkommunale samarbeid og interkommunale selskap, samt at kommunen har eigardelar i aksjeselskap.

Utskilling av kommunal verksemd gjennom selskapsorganisering medfører at kommunestyret ikkje kan utøve direkte styring og kontroll overfor verksemda. Den må styrast indirekte gjennom selskapa sine eigarorgan. For å forhindre at for mykje avgjerdsmynde og kontroll blir overført frå folkevalde organ til selskapsorgan, erdet formålstenleg å ha ein tydeleg eigarskapspolitikk.

Eigarskapspolitikken omfattar alle system, prinsipp, retningsliner, strategiar mv. som skal bidra til at kommunen realiserer måla med selskapsorganiseringa og samarbeid om tenesteytinga. Dei ulike elementa i eigarskapspolitikken skal sikre at kommunen utøver eit aktivt, langsiktig og føreseieleg eigarskap.

Kommunen si eigarskapsmelding og eigarstrategi for Vest-Telemark kraftlag gjev eit samla oversyn over kommunen sine eigarposisjonar og dei ulike elementa i eigarskapspolitikken. Eigarskapsmeldinga har som formål å auke kunnskapen om dei ulike selskapa og samarbeida, samt rammene for styring og kontroll av verksemda i desse.