Slik tek du vassprøve

  • Vassprøva bør vera på min. 0,5 liter. 
  • Vask hendene godt og tørk dei med tørkepapir.
  • La vatnet renne i minimum 3 minutt, slik at vatnet som stod i stikkledningen fram til krana er tappa ut. (Det er viktig å ha rutiner for reingjering av sil eller anna som er fest til krana slik at vatnet ikkje blir forureina når det passerer for eksempel silen. Silen kan evt. takast av før prøva vert teken).
  • Hald langt nede på prøveflaska med den eine handa og fjern lokket med den andre handa. Flaskemunningen og den delen av lokket som kan koma i berøring med vassprøva, skal ikkje rørast med hender eller noko anna.
  • Fyll opp flaska med vatn. Skru på korken att utan å røre innsida på korken eller flaskemunning og hals.
  •  Prøva skal oppbevarast kjølig.
  • Fyll ut skjema for prøvetaking

Levering av vassprøve