Døme på tiltak

  • Bygge nye bygningar, konstruksjonar eller anlegg, eller større tilbygg, påbygg eller underbygg til desse.
  • Vesentlege endringar eller vesentlege reparasjonar av eksisterande bygningar, konstruksjonar eller anlegg.
  • Fasadeendringar.
  • Bruksendringar eller vesentleg utviding av/vesentleg endring av tidlegare drift av bygningar, konstruksjonar eller anlegg.
  • Riving av bygningar, konstruksjonar eller anlegg.
  • Oppføring, endring eller reparasjon av bygningstekniske installasjonar
  • Oppdeiling eller samanføying av brukseiningar i bustadar, samt ana ombygging.
  • Oppføring av innhegning mot veg.
  • Plassering av skilt- og reklameinnretningar.
  • Plassering av midlertidige bygningar, konstruksjonar eller anlegg.
  • Større terrenginngrep, og anlegg av vegar og parkerings-/landingsplassar.

Meir informasjon finn du i 
Plan -og bygningslova (PBL) § 20-1 og byggesaksforskrifta (SAK10) kap.2

Søknad

  • Fyll inn på  skjema for ansvarsbelagte tiltak (blankett 5174).
  • Opplysningar om ytre rammer og bygningsspesifikasjon (blankett 5175).
  • Bustadspesifikasjon i matrikkelen dersom tiltaket omfattar bustader (blankett 5176).
  • Skjema for nabovarsel (blankett 5155 og 5156). Blankett 5154 skal sendast til naboar.
  • Situasjonskart i målestokk 1:500 evt. 1:1000 der tiltaket er innteikna.
  • Fagmessig utførte plan-, snitt- og fasadeteikningar i målestokk 1:100 evt. 1:50 (gamal og nye).
  • Dersom tiltaket er avhengig av dispensasjon/uttale/vedtak frå anna myndigheit (som Statens vegvesen, landbruk, Arbeidstilsynet), bør denne vere avklart på førehand.
  • Ved bygging over 300 m2, endring/reparasjon over 100 m2, eller riving over 100 m2 skal det utarbeidast avfallsplan/evt. miljøsaneringsomtale.
  • Erklæring om ansvarsrett (SØK, PRO, UTF, KTR), evt. søknad om ansvarsrett for sjølvbyggjar. Føretak med sentral godkjenning sender inn kopi av godkjenninga.
  • Signera gjennomføringsplan med oversikt over ansvarsområde inndelt i godkjenningsområde og etter tiltaksklasser, kontrollområder, ansvarlege føretak og gjennomføring av oppgåvene.

Merk: Før tiltaket kan bli tatt i bruk, må søknad om ferdigattest eller bruksløyve sendast inn, og handsamast. Signera og oppdatert gjennomføringsplan samt evt. andre vedlegg må fylgje med.

Kart

Kart kan du skrive ut her

  • Tast inn gnr/bnr eller eigedomsadresse
  • Du kan legge på eventuell reguleringsplan ved å velge kartlag. 
  • Skriv ut funksjonen, finn du under Meny.

Føresegner og plankart

Det er to måtar å finne vedteken reguleringsplan for ein eigedom/område på. Når du har fått opp rett plan får du opp detaljert planinformasjon. Her finn du plankart, føresegner, mindre endringar, oversikt over eventuelle dispensasjonar og vedtaksdato.

Trykk her for digitalt planregister
Her kan du søkje på planid (plannummer) eller plannavn om du kjenner det. 
Ver merksam på at plankartet i planregisteret ikkje alltid er oppdatert etter endringar. Plankartet du ser i Webkart er oppdatert.

Trykk her for planar vist i Webkart

  • Klikk på kommunevåpenet/kartlag og marker reguleringsplan i lista som kjem opp i høgre side på skjermen.
  • Søk opp aktuell eigedom, adresse, stadnamn eller zoom ned til aktuelt område.
  • Klikk i kartet innanfor planen du vil ha innformasjon om.
  • Til høgre på skjermen kjem det opp ein boks med KARTLAGSINFO, klikk på reguleringsplan.
  • Klikk på reguleringplan, då kjem det opp informasjon om den reguleringsplanen du har valt.
  • Nederst i informasjonsboksen vel du WebPlan-WebHotel slik at du kjem inn i planregisteret.