Dette kan ruskonsulenten hjelpe deg med:

  • Bistå deg som pårørande, eller deg som har utfordringar knytt til rus med samtaler, råd og rettleiing.
  • Henvisning til rusbehandling hos spesialisttenesta.
  • Koordinere tenestene når det er fleire instansar involvert og kan vera eit bindeledd mellom fastlege, NAV, bustadkonsulent og sjukehus.

Du treng ikkje ha eit alvorleg og omfattande rusproblem for å kontakte ruskonsulenten, og du treng ikkje henvisning.

Brukarutstyr

Vinje kommune delar ut brukarutstyr til dei som bur, eller midlertidig oppheld seg i kommunen og som injiserer rusmidlar. Utdeling av brukarutstyr er eit tiltak som bidreg til å redusere skader knytt til rusbruk, som smittsame sjukdommar. 

Kven delar ut brukarutstyr? 

  • Legevakt 
  • Ruskonsulent  

Når delar me ut brukarutstyr? 

  • På legevakt: alle dagar mellom klokka 16.00 – 22.00 
  • Hos ruskonsulent: stort sett alle kvardagar mellom klokka 08.00 – 15.30 

Korleis få utlevert brukarutstyr?

  • På legevakt: møt opp i opningstid mellom klokka 16.00 – 22.00
  • Hos ruskonsulent: ring, eller send sms til nummer 91 10 69 63