Næringstreff
Kommunen inviterer til ope møte ein gong i kvartalet, der næringspolitikk og næringsutvikling er tema. Ordførar og næringssjef tar del. Her set me viktige saker på agendaen, og inviterer deltakarene til å stille spørsmål og komme med innspel.
Næringslag
Næringslivet i Haukeli, Rauland og Åmot har kvart sitt næringslag. Kommunen er representert i styremøta til næringslaga. I tabellen nedanfor finn du kontaktinformasjon til næringslaga.
Haukeli Næringslag Torbjørn Haugane |
95 27 53 62 haukelinaringslag@gmail.com |
Sentrumsgruppa Rauland Turist Oddmund Skeie |
95 21 12 30 info@visitrauland.com |
Vinje næringslag Elin H. Hommo |
90 95 64 84 post@grovencamping.no |
Næringsråd
Næringssjefen i kommunen og to representantar frå kvart av næringslaga utgjer saman eit næringsråd. Næringsrådet er eit organ for drøfting av viktige saker og samkøyring av arbeidet med næringsutvikling i kommunen. Innkallingar til og referat frå møte i næringsrådet er tilgjengelege via kommunen si innsynsløysing.
Vest-Telemark Næringsforum
Vest-Telemark Næringsforum er ein møteplass for å fremje kompetanse og nettverksbygging mellom verksemder i Vest-Telemark. Les meir her
Gründernettverket
Gründernettverket er eit tilbod til oppstartsverksemder, verksemder i vekst og leiarar i små verksemder i heile fylket, finansiert av fylkeskommunen. Les meir her