Jordmorvakta i Seljord

Jordmorvakta er eit bindeledd mellom kommunane og Sykehuset Telemark.

Det er alltid ei jordmor på vakt på telefonnummer 35 02 16 24 (heile døgnet).

Du kan ringe jordmorvakta i svangerskapet, ved fødsel og i barseltida. Dette kan for eksempel gjelde blødning i svangerskapet, lite liv, vassavgong, rier, brystbetennelse eller andre spørsmål som ikkje kan vente. Besøksadressa til jordmorvakta i Seljord er Jakob Naadlandsveg 28. Ring alltid før du kjem, i tilfelle jordmor er ute på oppdrag.

Skulle du av ei eller annan grunn ikkje få kontakt med jordmorvakta, ring sentralbordet ved Sykehuset Telemark (Telefon: 35 00 35 00) eller direkte til fødeavdelinga (Telefon: 35 00 47 64). Jordmor i Tokke, Lise Skolås, er også ei av vaktjordmødrene på jordmorvakta.

Oppfylging hjå jordmor på helsestasjonen

For oppfylgjing i svangerskapet tek du kontakt med jordmor på helsestasjonen i kommunen du bur i. Alle dei oppgjevne telefonnumra er til jordmødrene sin arbeidsmobil, og du vil få svar når jordmor er på jobb. Avdelingsleiar for Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark er Helene Mølster Byggland.

Fyresdal kommuneTrude Tennefoss, mobil 90 41 71 57 
Fyresdal helsestasjon, Landstadvegen 35
Kviteseid kommuneMerete Kaste, mobil 90 59 46 51, Kviteseid helsestasjon, Granlivegen, 1A
Seljord kommuneMirjam Thorkildsen Schade, mobil 90 59 81 06, Seljord helsestasjon, Ingrid Slettensveg 16
VinjeHelene Mølster Byggland, mobil 40 90 77 94, Vinje helsestasjon, Vinjevegen 192
Jordmorvakta i SeljordSissel Aardalen Brekke, mobil 99 40 18 60, Jakob Naadlandsveg 28
Oppfylgjing i svangerskapet er eit tilbod til alle gravide. 
Jordmor har kompetanse til å ta seg av friske gravide, og henviser til spesialisthelsetenesta ved behov. Partnar er velkomen til å vere med på ein eller fleire konsultasjonar. Vi har teieplikt. Tilbodet er gratis. Me ordnar med tolk dersom du har behov for det. Det er ditt val om du ynskjer å gå til oppfylgjing hos jordmor, fastlege eller ein kombinasjon. 
 

På svangerskapskonsultasjonene vil jordmor mellom anna:

  • Fylle ut helsekort for gravide 
  • Kartlegge og rettleie i høve til levevanar og trivsel for mor og barn
  • Rekvirere aktuelle prøver og henvise deg til ultralyd
  • Måle blodtrykk, sjekke urinprøve og måle vekt 
  • Lytte til fosteret sine hjarteslag og måle korleis magen veks
  • Gje informasjon om amming, fødsel og barseltid
  • Tilby erklæring av farskap
Innhaldet i svangerskapskonsultasjonane handlar óg mykje om kva den einskilde har behov for, og vi tilpassar tilbodet etter dette så langt det er mogleg.
 
Etter fødsel tilbyr jordmor tidleg heimebesøk, helst innan tre dagar etter at de har kome heim frå sjukehuset, samt vidare oppfylgjing ved behov. Fleire av jordmødrene tilbyr også prevensjon og etterkontroll.