MINE SIDER

Via heimesida til Vest-Telemarkbiblioteka kan du søke i samlinga vår, sjå opningstider og arrangement, og anna informasjon. Du kan også logge deg inn på Mine sider for å sjå eller fornye dine lån.
Lenke til nettsida finn du her

CIVIS OG FACEBOOK

Via innbyggjarappen Civis blir det sendt ut viktige beskjedar eller nyheiter om biblioteket, i tillegg til anna informasjon frå kommunen. Du kan også få oppdateringar om biblioteket frå Vinje kommune sin side på Facebook.

DIGIHJELPEN

Har du spørsmål knytt til bruken av din eigen pc, mobil eller nettbrett? 
Kvar tysdag er du velkomen til å få enkel grunnleggjande digihjelp på biblioteket i Åmot, med rettleiing éin-til-éin. Same tilbod har me på filialen i Rauland kl. 17.00 - 18.00 på onsdagar, og på filialen i Edland kl. 17.00 - 18.00 på torsdagar.

Kom innom for å avtale tidspunkt på førehand, 
eller ring oss på telefon: 35 07 26 60.